Etablering og drift av breidband til Folkedal
Hardanger Energi Breiband er svært glade for å kunngjera at me skal byggja fiber i Folkedal.
Planleggingsarbeidet er unnagjort, og i løpet av dei neste vekene vil me ringja til husstandar og verksemder som får moglegheit til å kopla seg på det nye fibernettet.
Sist endra 06.03.2024 07.54
Me går snart i gang med utbygginga, og den vil vara fram mot hausten 2025. Husstandar og verksemder som ynskjer oppkopling vil verta kopla opp undervegs i perioden.
Har du spørsmål som gjeld utbygginga kan du kontakta oss på telefon 53 66 53 00
eller e-post post@heband.no