Førehandsrøystinga er opna

Frå og med 10. august og heilt til 8. september kan du førehandsrøysta til kommunestyre- og fylkestingsvalet. 

Fleire har alt nytta seg av tilbodet om førehandsrøysting på Voss tinghus. Kvar dag fram til 8. september er det ope for førehandsrøysting mellom kl 09 og 15. 

Det vert også førehandsrøysting på Amfi, Vossestrand, Granvin, dei vidaregåande skulane, Knutepunktet og på institusjonane. Sjå lista over tidspunkt her: Førehandsrøysting

Hugs legitimasjon. 

Les meir om valet her: Valg.no

Les kva du kan og skal gjera i røystelokalet: Slik røyster du