Bodil Sekse, Perline D. Vivås og Marit Sleen tok i mot nesten 800 røyster i løpet av den siste dagen med førehandsrøysting.
Tor H. Halvorsen
Etter at førehandsrøystinga no er stengd, har 47,2 prosent av dei røysteføre i Voss herad røysta ved årets stortingsval.
Berre den siste dagen, vart det tatt i mot 786 røyster i løpet av dei ti timane røystelokalet var ope.
Dei som ikkje har røysta, må no venta til valdagen måndag. Og på valdagen kan du berre røysta i den kommunen du bur, det er altså ikkje høve for utanbygdarar til å røysta på Voss på valdagen.