Forskrifter i samband med ny opplæringslov på høyring

Ny Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) trer i kraft 01.08.2024. Kommunalavdeling oppvekst har derfor sett i gang eit arbeid med å gjera klart til den nye lova trer i kraft. 

Høyringsfrist er sett til 27.05.2024

I den nye opplæringslova er det krav om at forskrifter skal vedtakast og kunngjerast på Lovdata innan lova trer i kraft. I samband med ny opplæringslov har ein sett på eksisterande forskifter og tilpassa dei til ny lov, og revidert slik at dei skal vera tydelege, ha klart språk og vera i tråd med praksisen til heradet.

De kan lesa meir om den nye opplæringslova på Utdanningsdirektoratet si nettside: 

ny opplæringslov hausten 2024

 

Forskrifter som vert sendt på høyring:

Lokal forskrift om skulefritidsordning for grunnskulane i Voss herad (PDF, 147 kB)
Lokal forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæring i Voss herad (PDF, 124 kB)
Lokal forskrift om skulereglar for grunnskulane i Voss herad (PDF, 147 kB)
Lokal forskrift om skulerute for grunnskulane i Voss herad for skuleåret 2024-2025 (PDF, 121 kB)
Lokal forskrift om hovudmål for grunnskulane i Voss herad (PDF, 108 kB)
Lokal forskrift om skulekrinsar for grunnskulen i Voss herad (PDF, 156 kB)

Gjeldande forskrifter:

Gjeldande forskrift om inntaksområde i Voss herad (PDF, 255 kB)
Gjeldande forskrift om ordensreglar for skulane i Voss herad (PDF, 6 MB)
Gjeldande vedtekter for den kommunale skulefritidsordninga i Voss herad (PDF, 104 kB)
 

Send innspel til høyringa innan 27.05.2024 til postmottak@voss.herad.no 

Det er viktig at det kjem tydeleg fram kva for ei forskrift de kjem med innspel til.