Frivilligkonferansen Vestland: Frivilligheita - vi løftar i lag!

Kva betyr frivillig innsats – for den frivillige og lokalsamfunnet? 

Korleis kan frivilligheita skape tillit og inkludere fleire? 

Kvifor er frivillig arbeid så viktig for folkehelsa, og når vi skal mobilisere lokalsamfunna?

Bli utfordra og få nye perspektiv under Frivilligkonferansen Vestland på Voss 27. september!

Målgrupper

Konferansen er open for alle, men hovudmålgruppa er frivillige og tillitsvalde i frivillige organisasjonar. 

Informasjon og påmelding: Frivilligkonferansen Vestland: Frivilligheita – vi løftar i lag! - Vestland fylkeskommune