Gjødsling etter 1.september

Gjødsel skal spreiast i vekstsesongen og innan 1. september. Lokal forskrift for Voss herad opnar for at næringa i deler av kommunen kan gjødsle seinare utan å søkje om dispensasjon.

Den lokale forskrifta som tredde i kraft frå vekstsesongen i 2022 opnar for større fleksibilitet kring sjølve datoen for siste gjødsling. Siste frist for gjødsling er då 1.oktober. Formålet er å kunne nytte gjødsla så godt som mogleg til planteproduksjon, utan at det gjev ureining.

Unntatt frå forskrifta er:

Område i vassdrag med redusert vasskvalitet. Dette gjeld:

  • Dyrvedalen,
  • Bordalen 
  • nedslagsfelt til Opelandstjørni.

I desse områda er det heller ikkje høve til speiing med nedfelling/ nedmolding etter 1.september.

I Jordalen og Myrkdalen er det ikkje opna for spreiing etter 1.september pga. klimatiske vurderingar.

For øvrige jordbruksområde i Voss er det ope for spreiing fram til 1.oktober, men med særskilte vilkår:

Vilkår for gjødsling etter 1.september:

  • Avgrensing på mengde: maksimalt 2 m​3 pr. dekar,
  • Avgrensing mot vatn: mot vatn, elv, bekkar, kanalar og opne kummar skal det vere ei sone på minst 6 meter som ikkje vert gjødsla.
  • Ved lagring, uttransport og spreiing skal det utvisast aktsemd når det gjeld
    • Vurdering av ver og vêrtilhøve: ved mykje regn og vassmetta jord kan ein ikkje spreie gjødsel
    • Vurdering jordsmonn: unngå myr og jord med lita evne til å binda næringsemne
    • Klima: når vekstsesongen er avslutta skal det ikkje gjødslast
    • Flaum: Typisk flaumutsett areal eller ved fare for flaum generelt må areala ikkje gjødslast

Generell info om spreiing av gjødsel finn du her

Dispensasjon frå forskrifta

Det er høve til å søkje heradet om dispensasjon. Søknaden skal innehalde informasjon om:

  • Kvifor du treng å gjødsle etter 1.september
  • Mengde gjødsel som skal spreiast 
  • Kart som syner kvar gjødselen skal spreiast
  • Planlagd mengde per dekar
  • Tidlegare gjødsling i år
  • Eventuelle andre tilhøve av betyding
  • Legg også ved gjødselplan for 2023

Søknaden skal sendast postmottak@voss.herad.no

Ta kontakt med næringsavdelinga om du har spørsmål. Kontakt: Kari Mostad tlf.: 9799 7150, e-post: kari.mostad@voss.herad.no