Hageavfall skal ikkje i naturen!

Hageavfall skal ikkje kastast i naturen!  Du kan ta hand om hageavfallet i kompost i eigen hage eller levere til BIR (tidlegre IHM) gratis på Bjørkemoen. Dumping i naturen er ulovleg og kan ha mange negative følger. Dumping i vassdrag kan gje effektiv spreiing av uønska artar og kan i tillegg forsterke skadepotensialet ved styrtegn og flaum. 

Nyperose og mange andre framandartar har flotte blomar og er fine i hagen, men ein skal passe godt på slik at dei ikkje vert spredde ut av hagen og ut i naturen

Spreiing av uynskte artar er eit trugsmål mot naturmangfaldet i Voss.  

Artar som vert innførte og som spreier seg i naturen medfører ein uønska påverknad på den lokale naturen: Dei fortrenger dei lokale artane, reduserer mangfaldet, tek pollineringskapasitet frå dei lokale artane, kan overføre sjukdom og smitte, kan skade terrenget og føre til erosjon og dei kan hybridisere med lokale plantar slik at artsmangfaldet vert utarma. 

Dei mest kjende i Voss er t.d. lupin, kjempespringfrø, parkslirekne og skogskjegg. I Voss er det registrert  tilsaman 170 uynskte plantar, og 57 av desse er kategorisert som svært høg risiko for spreiing. Desse krev etter kvart store ressursar for å bekjempe/halde nede.

Det er difor svært viktig at du handterer hageavfallet riktig. Å deponere hageavfall i naturen vert rekna som forsøpling og er ulovlig. Dersom du har hageavfall med framandartar skal dette leverast til avfallsmottak og ikkje i hagekomposten din.

Dersom hageavfallet i tillegg vert plassert lags/i vatn eller vassdrag gjev ein eventuelle uynskte artar ekstra spreiingskapasitet gjennom vassdraget. I tillegg vil avfallet potensielt kunne å auke skaden ved strytregn og flaum. Hageavfallet kan vere med å tette vannvegen/bekken/rist og auka skadepotensialet ved slike hendingar. 

Les meir her