Biofokus har utarbeidd planen i samarbeid med ei intern arbeidsgruppe. Basert på tilrådingane deira, innspel som har kome undervegs i arbeidet og behova heradet erfarer å ha, har me utarbeidd eit forslag til ein handlingsdel. Det er denne me fyrst og fremst ynskjer innspel til i møtet 5. september. Føremålet er å sørgja for at me i størst mogleg grad har tatt omsyn til partar med interesse og engasjement for naturen i Voss herad.
Heile planen, inkludert forslag til handlingsdel, vil verta lagt til offentleg høyring og ettersyn av Utval for klima, miljø og beredskap i møte 1. oktober. Høyringsperioden varer i seks veker, og det vert då høve å koma med formelle høyringsinnspel.
Påmeldingsfrist til ope møte: 3. september til lina.hamre@voss.herad.no
Dei påmeldte vil få tilsendt utkast til handlingsdel så snart denne har vore til drøfting i ekstern referansegruppe.
Velkomen!