Siri Kahlsa
Biofokus, som er innleigd konsulent for planarbeidet, har laga ei interaktiv innspelsløysing. I innspelsløysinga kan du markera området som du ynskjer å gje innspel om direkte i kartet. Vidare må du gje ei kort skildring av lokaliteten, og du får også moglegheit til å lasta opp bilete eller annan dokumentasjon.
Under finn du døme på kva som kan vera relevant å senda innspel om:
- Naturtypar som ikkje finst i eksisterande register*
- Funn av artar som ikkje finst i eksisterande register*
- Område med øydelagt natur
- Forureining (ikkje akutt)
- Natur under attgroing
- Framande artar
- Anna. Natur som i ein eller annan samanheng er viktig for deg
Naturbasen: https://www.miljodirektoratet.no/tjenester/naturbase/
Artsdatabanken - kunnskapsbank for naturmangfald: https://www.artsdatabanken.no/

Me sett stor pris på alle innspel – smått og stort.
Frist for å koma med innspel er 28. februar 2024
Fylg denne lenka for å komme til innspelsløysinga: https://arcg.is/0ey55O0