Husk bandtvang

Frå 1. april til 20. august er det ordinær bandtvang i heile landet, i Voss gjeld bandtvang til 30.september. Bandtvang er viktig for å ta omsyn til husdyr, vilt i yngletida og andre turgåarar.  I år set Politi og Statsforvaltar særleg fokus på informasjon for å sikre at bandtvang vert oppfatta og følgd.

I Voss gjeld bandtvang frå 1.april til 30.september

Bandtvang for hund er viktig for å kunne ta omsyn til  husdyr og vilt men og andre turgåarar som nyttar naturen. Statsforvaltaren i Vestland og Politiet jobbar i sommar med å minne på og følge opp bandtvang og konsekvensar for brot på bandtvangplikta.

Statsforvaltaren skriv at dei fleste hundeeigarar er flinke til å halde bandtvangen. Dei siste åra har likevel lause hundar i utmarka diverre vore eit aukande problem. Politiet og Statsforvaltaren er urolege over utviklinga, og politiet kan vise til svært alvorlege episodar etter møte mellom hundar og beitedyr. Dyr kan bli skilde frå kvarandre, og det får konsekvensar for dyrevelferda då dette påverkar overlevings- og tilvekstevna hjå avkommet og helsetilstanden til mordyret. Dyra kan og bli jaga på vatn eller utfor skrentar, eller dei vert bitt og drepne. Dei same problema og skadane kan påførast vilt som vert forstyrra i yngletida, alt frå godt kamuflerte fuglereir til større pattedyr. Det kan med andre ord vere snakk om store lidingar for dei involverte dyra, både husdyr og vilt, og dette må takast på alvor. 

Du kan lese meir om samarbeid mellom politi og statsforvaltar her

Beitebruksnæring er viktig i Voss .  Det er mange tusen både sauer og storfe på beite, og dessutan eit stort omfang av ville dyr. God dyrevelferd er svært viktig for å ha berekraftig nytting av utmarksbeite og Voss herad er opptatt av at dyrevelferd for alle dyr vert ivaretatt.  Voss herad ynskjer også turgåarar og alle andre som ynskjer å nytte naturen velkomne til eit trygt og triveleg opphald i naturen der me tek omsyn kvarandre og naturen, og oppfordrar alle til å respektere bandtvangen.

God Sommar!