Innmelding av elevar til 1.klasse 2025/2026 i Vossaskulen

18.november 2024 går det ut skriv til alle føresette som har born som skal starta i 1.klasse hausten 2025.
Brevet er ei orientering om kva skule barnet har fått reservert plass ved.
Sist endra 13.11.2024 15.42
Barnet vert plassert på nærskulen ut frå den adressa barnet er registrert på i Folkeregisteret.
Føresette loggar seg inn med ID-porten på kommunen si heimeside i «Portal for oppvekst, skuleinnmelding» og stadfestar skuleplasseringa eller takkar nei.
Meir informasjon om nærskuleprinsippet og skulebyte finn ein på heradet si heimeside. «Barn og familie – Vossaskulen – skulebyte». Her ligg også søknadsskjemaet «Søknad om skulebyte/halda fram ved same skule».
Føresette får vedtaksbrev automatisk.
Velkomen til Vossaskulen!