Innmelding av elevar til 1.klasse 2026/2027 i Vossaskulen

24.november 2025 går det ut skriv til alle føresette som har born som skal starta i 1.klasse hausten 2026.

Brevet er ei orientering om kva skule barnet har fått reservert plass ved.

Barnet vert plassert på nærskulen ut frå den adressa barnet er registrert på i Folkeregisteret.

Føresette loggar seg inn med ID-porten på kommunen si heimeside i «Portal for oppvekst, skuleinnmelding» og stadfestar skuleinnmeldinga.

Meir informasjon om nærskuleprinsippet og skulebyte finn ein på heradet si heimeside. «Barn og familie – Vossaskulen – skulebyte».  Her ligg også søknadsskjemaet «Søknad om skulebyte/halda fram ved same skule». 

Føresette får vedtaksbrev automatisk.

Velkomen til Vossaskulen!