Jordsmonnet i Voss kartlagd

Matjorda er ein av våre viktigaste ressursar.  NIBIO har no kartlagt jordsmonnet i heile gamle Voss kommune og torsdag 14.mars vert det invitert til infomøte kl. 19.30-21.00 i kommunestyresalen i Tinghuset.  

 

Jordsmonnet er ein av våre aller viktigaste ressursar. Store deler av Voss herad er no jordsmonnskartlagt.  All matjord har vore saumfore av fagfolk i gul refleksvest og med jordbor.

NIBIO v/ Siri Svendgård-Stokke og Sølve Stiauren (NIBIO) kjem til Voss for å presentere resultata fra kartlegginga og vise temakart frå arbeidet.  Dette er eit av fleire kunnskapsgrunnlag  me kan nytte for å kunne gjere kloke avgjerder om bruk av jordressursen.

  • Stad: Kommunestyresalen, Tinghuset
  • Tid: Torsdag 14. mars kl. 19:30-21:00
  • Målgruppe: bønder, politikarar, ålmeinta

 

  • Kva er jordkartlegging og kvifor gjennomfører NIBIO jordkartlegging?
  • Kva seier kartlegginga av jordsmonnet om jorda i Voss?
  • Korleis kan næringa nytte informasjonen fra jordkartlegginga?

 

NB: Høver tidspunktet dårleg, er det og mogleg å melda seg på møte på dagtid i kulturhuset. Ta kontakt!

utsnitt av jordsmonnskart

 

 

Påmelding spørsmål: kari.mostad@voss.herad.no

Påmeldingsfrist: fredag 8. mars

Innleiarar: Siri Svendgård-Stokke og Sølve Stiauren (NIBIO)