Kommunalsjef tekniske tenester er tilsett

Hans-Erik Ringkjøb er tilsett som kommunalsjef for tekniske tenester i Voss herad. Ringkjøb tek til i stillinga 1. april.

Det var 8 søkjarar til stillinga. Tilsetjingsutvalet på fire personar har hatt bistand frå selskapet Jefferson Wells i arbeidet med å rekruttera til dei ledige kommunalsjefstillingane. Etter ein grundig prosess valte eit samla tilsetjingsutval å leggje vekt på at Ringkjøb har relevant utdanning og lang og brei kommunal erfaring. I tillegg fekk han i prosessen vist at han vert ein samlande, løysingsorientert, analyserande, handlekraftig, arbeidsam og motiverande kommunalsjef.

Hans-Erik Ringkjøb er som kjent tidlegare ordførar i Voss, eit verv han hadde i 12 år. Han tok ikkje tok attval før kommunestyre- og fylkestingsvalet i fjor.

 — Min politisk aktivitet ligg bak meg, det politiske kapitelet er over. No startar eit nytt administrativt kapittel. Verdiane til Voss herad, at me skal vera pålitelege, profesjonelle, inkluderande og nyskapande, vil styra arbeidsdagen min. Så vil eg sjølvsagt halda meg til forvaltningsverdiane om saklegheit, objektivitet, nøytralitet og å handsama alle likt. Slik både skal og må det vera. Som kommunalsjef er eg ikkje lenger valbar til offentlege verv i Voss. Sjølv om det ikkje er noko forbod mot å vera medlem av eit parti, har eg valt å forlata politikken fullt og heilt. Eg håpar folk vurderer meg ut frå den jobben eg kjem til å gjera, seier Hans-Erik Ringkjøb.

Han ser fram til å ta fatt på nye oppgåver som kommunalsjef for tekniske tenester.

—  Min nye jobb har eit breitt og spennande ansvarsområde, frå grunnleggjande infrastruktur og beredskap til å sjå framover gjennom planlegging og samfunns- og næringsutvikling. Det er frå reint vatn i springen til overordna kommuneplanlegging, der me skal levera til innbyggjarane og gjester kvar einaste dag. Eg er umåteleg glad for at eg nådde opp i konkurransen og eg gler meg stort til å ta fatt på jobben i lag med alle dei dyktige fagfolka innan teknisk.

Rådmann Arild McClellan Steine er glad for at Hans-Erik Ringkjøb søkte på den ledige stillinga som kommunalsjef.

— Alle kjenner bakgrunnen til Hans-Erik, men det er verken kvalifiserande eller diskvalifiserande å ha vore ordførar. Hans-Erik var den beste kandidaten av dei som søkte, basert på faglege og personlege eigenskapar, og er eg glad for at han har takka ja, seier Steine.

— Eg er glad for at Ringkjøb har takka ja til jobben då han er godt kvalifisert og har mykje å bidra med. Eg kjenner meg heilt trygg på kompetansen han har frå det tidlegare politiske livet vil kome heradet til nytte, spesielt då Ringkjøb si rolleforståing alltid har vore svært god, seier ordførar Tonje Såkvitne.

Ringkjøb er i dag seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune, og tek til i den nye stillinga i Voss herad 1. april.

Konstituering av rådmann

1. mai tek rådmann Arild McClellan Steine som kjent til som kommunedirektør i Bjørnafjorden kommune. Han har sin siste arbeidsdag i Voss herad 15. april, og Voss herad må konstituera rådmann frå dette tidspunktet. Det er heradsstyret som konstituerer rådmann i møte 21. mars, og i innstillinga frå ordførar og tilsetjingsutvalet er Torbjørg Austrud foreslått som konstituert rådmann fram til ny rådmann er tilsett.

Kommunalsjef oppvekst er ikkje tilsett

Alt 15. mars sluttar kommunalsjef i oppvekst, Frode Monsen for å ta til i si nye stilling som skulesjef i Askøy kommune.

Voss herad har ikkje tilsett ny kommunalsjef oppvekst, og vil lysa stillinga ut på ny.

Kommunalsjef for helse og omsorg, Kjersti Nordanger, vil fungera som kommunalsjef både for oppvekst og helse og omsorg fram til ny kommunalsjef for oppvekst er tilsett.  Kjersti Nordanger vil gå ut av dei fleste oppgåvene i helse og omsorg for å frigjera tid til oppvekst, men vil ha det overordna ansvaret i helse og omsorg. Ho vil delta på leiarmøte både i oppvekst og helse og omsorg, og ho vil vere kontaktpunktet for begge kommunalavdelingane inn i rådmannen si leiargruppe. Ein forventa vinst av denne løysinga er eit endå tettare samarbeid mellom kommunalavdelingane.