Koronavaksine tilrådingar våren 2023

Personar over 75 år tilrådast ny oppfriskingsdose. Det bør ha gått meir enn 6 månader sidan førre dose.

Ei ny dose vil vera særleg aktuell for dei som ikkje tidlegare har gjennomgått , SARS.CoV-2-infeksjon og for dei som har ein eller fleire underliggande risikofaktorar. Vaksineringa bør gjennomførast i løpet av april månad. Sjukeheimsbebuarar vil få tilbod der dei bur. For alle andre er det tilbod om vaksinering ved dei tre apoteka på Voss. Ting time via Voss herad sine sider eller ved å kontakta apoteka.