Levande handverk

Tysdag 5. september arrangerte Voss herad sitt årlege “Mølsterseminar” som ein del av kulturminnedagane. 

Rundt tretti  frammøtte fekk oppleva Ellen Marie Selland Geithung sin vakre morgonsong, og interessante føredrag av Eivind Falk (Norsk Håndverksinstitutt), Agathe A. Lauvdal (Norges Husflidslag), Solveig Jordal (Osterøy museum) og Karen Rio Holstad / Margunn Torget Østrem (Voss husflidslag). 

 

Me fekk høyra om utrydningstrua handverk og det gode  arbeidet nasjonalt for å halda dei levande.  Og me fekk innblikk i Osterøy museum si langvarige og målretta satsing rundt oppstadveven og tekstilkulturen. På slutten av dagen fekk me ein munter og imponerande gjennomgang av korleis Voss husflidslag jobba fram sin dokumentasjon av den lokale fileringsteknikken.