Momskompensasjon på varer og tenester

Frivillige lag og organisasjonar kan søkja om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift som dei har hatt ved kjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er å fremja frivillig aktivitet.

Søknadsfristen er 2.september 2024.

Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivillighetsregisteret kan søkja på ordninga. Frivillig innsats må vera ein viktig del av verksemda for å søkja. Alle mottakarar av momskompensasjon må vera registrerte i Frivilligregisteret. Dette gjeld også dei som søkjer via sentralleddet sitt. Hugs at registreringa kan ta litt tid.

Merk: Dersom organisasjonen er knytt til eit sentralledd enten organisatorisk og/ eller gjennom vedtekter , skal søknaden sendast via sentralleddet. Sentralleddet har eigne fristar søknadsfristar som er tidlegare enn vår frist 2.september. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Det kan søkjast etter to modellar: Forenkla modell og dokumentert modell

Minstegrensa for å søkja etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjelder ikkje for underledd.

Her finn de meir informasjon om ordninga og søknadsskjema: Momskompensasjon på varer og tjenester - Lottstift

Kontakt

Nils Helge Kvamme
Rådgjevar
E-post
Telefon 45 27 02 61