Naturmangfaldsarbeid i Voss herad

FNs naturpanel påpeiker at naturen er under sterkt press. Ein innspelsportal for enkelt og anonymt å gje innspel om viktig natur eller førekomstar av uynskte artar, er ope fram til 28. februar. Me oppmodar om at alle som har aktuell info og kunnskap om natur eller uynskte artar å nytte innspelsløysinga. 

I samband med utarbeiding av naturmangfaldsplan for Voss og pågåande prosjekt i heradet for fjerning av kjempespringfrø, inviterte Voss herad til ope møte torsdag 15.2 og internkurs fredag 16.2 om handtering av uynskte vekstar i heradet.

Tiltaket er i samband med utarbeiding av naturmangfaldsplan for heradet.  Naturen i heile verden er jf FNs naturpanel, under sterkt press. Utarbeiding planen skal gje oss eit hjelpemiddel som gjer at me vert betre i stand til å ta vare på naturen vår. Dei viktigaste drivarane for tap av naturmangfald er klimaendringar, ureining, endra arealbruk, overforbruk og invasjon av framande artar. 

Med på møta var m.a. Statsforvaltaren, representantar for lokale tiltak og firmaet Natureco frå Stavanger. Natureco er eit lite firma men med stor praktisk røynsle frå skjøtsel av viktige naturverdiar, og deira påstand er at det går an å utrydde kjempespringfrø!  

Natureco har m.a. laga film saman med Sabima om fjerning av kjempespringfrø som du kan sjå  her. 

Samarbeid er viktig! Internkurs for eigedom og drift vart halde fredag 16.feb. Frå venstre: Sondre Gjøstein ansvar for vegdrift Voss herad, Milciades Luis Domingez, Natureco, Gudrun Folkedal med vetle Synneva frå Folkedal ungdomslag, Olav Overvoll Statsforvaltaren og Anne Elisabeth Carlsen, dagleg leiar Natureco

 

Ei utrydding  av ein art vil vere på vilkår av at ein har utfyllande kunnskap om planten og planten sin biologi, detaljert oversikt over spreiingsvegar, oversikt over førekomstane og bestanden og ei god kartlegging. Oppå dette må ein ha systematikk for gjennomføring av arbeidet og godt samarbeid med grunneigarar og ålmenta.

Kvifor vil me ikkje ha framande artar? Artar som vert innførte og som spreier seg i naturen medfører ein økologisk påverknad på den lokale naturen me ikkje ynskjer. Dei fortrenger dei lokale artane, reduserer mangfaldet, tek pollineringskapasitet frå dei lokale artane, kan overføre sjukdom og smitte, kan skade terrenget og føre til erosjon og dei kan hybridisere med lokale plantar slik at artsmangfaldet vert utarma.

Samarbeid grunnlaget for løysinga. Ingen kan gjere alt, så det er avgjerande at grunneigarar, lokalsamfunn og kommune samarbeider om avgrensing og fjerning av uynskte artar. 

Gudrun Folkedaldelte røynsler frå prosjektet for fjerning av kjempespringfrø i Folkedal, år 1 - av 3 Kari Mostad

I Folkedal starta ungdomslaget med Gudrun Folkedal i spissen, i 2023 eit  treårig prosjekt for å få vekk kjempespringfrø som då plutseleg hadde spreidd seg alle veier.  Ungdomslaget organiserer heile bygda i ein felles plan for tiltaket, men ein stor dugnad midt på sommaren. Grenda er elles delt inn i mindre område med utpeikte “vaktarar” for kvart felt. Prosjektet har fått SMIL-støtte, støtte frå Statsforvaltaren og Sparebankstiftinga Hardanger. Med gjennomført god systematikk og godt samarbeid, m.a. med aktørar som utfører kantslått, kan kjempespringfrø vere ein av dei enklare artane å få has på.

Statsforvaltaren har pågåande andre tiltak for å hindre at kjempespringfrø spreier seg i Vossavassdraget.

Ansvarleg for utarbeiding av Naturmangfaldsplanen, Kjersti Næss Finne, presenterte begge dagane det pågåande planarbeidet i Voss herad. Denne får status som kommunal temaplan, og det vil verte jobba med denne fram til hausten. Den viktigaste delen i tillegg til oversikt over kunnskap og kunnskapshol om naturen i Voss, er utarbeiding av tiltaksplan. 

Fram til 28.februar vil innspelsløysinga for plana vere open og me oppmodar alle om å benytte den. Det er og mogleg i ettertid å sende innspel på e-post til heradet.