Ny legeheimel hjå Bygdelegane

Fastlege Kirsti Vevatne flyttar frå Voss legekontor til Bygdelegane på Voss. Alle som har Vevatne som fastlege vert med på flyttinga, og må frå 1. mars venda seg til Bygdelegane på Voss for å treffa fastlegen sin.

Samtidig vert 200 av dei som har Ottar Fjose som fastlege overført til Kirsti Vevatne si pasientliste, fordi Ottar Fjose ynskjer å vidareføra stillinga si som sjukeheimslege ved Vossestrand. 

Loddtrekning administrert av Helfo avgjer kven som vert overført frå Fjose til Vevatne. Foreldre og born vert ikkje skilde i loddtrekninga. Dette vert ei intern flytting mellom legare hjå Bygdelegane på Voss i og med at Ottar Fjose også held til på dette kontoret. 

Endringane skjer 1. mars neste år.