Ny rådmann er tilsett

Martin W. Kulild er tilsett som rådmann i Voss herad. 

Kulild er 60 år og har erfaring som rådmann frå Gulen, Hamar, Meland og Alver. I Alver har han vore konstituert kommunedirektør, og er i dag assisterande kommunedirektør. I tillegg har han omfattande erfaring frå både privat og offentleg sektor.

Martin W. Kulild er gift, har to born og er busett i Bergen. Han kjem til å vekependla til Voss når han tek til som rådmann. Dato for oppstart er ikkje endeleg klart.

Tilsetjinga er gjort av heradsstyret i dag 13. juni, etter at eit utvida formannskap behandla innstillinga frå tilsetjingsutvalet

I tilsetjingsutvalet sit ordførar Tonje Såkvitne (Sp), varaordførar Benedicte Kragh (Ap), Sveinung Rieber (H), hovudtillitsvalt Rune M. Røthe og hovudtillitvalt Theresa Wallevik. Tilsetjingsutvalet har hatt bistand frå Per Inge Hjertaker i Headvisor i arbeidet med å rekruttera ny rådmann.

– Eg er utruleg glad for at me ha funne ny rådmann, og har veldig trua på det arbeidet tilsetjingsutvalet har gjort. Me har hatt gode prosessar, og er veldig heldige med å rekruttera ein så erfaren, trygg, relasjonsorientert og dyktig rådmann, seier ordførar Tonje Såkvitne.

Martin Kulild seier han gler seg til å ta fatt i oppgåvene som ventar, og ser fram til å verta godt kjend med heile heradsstyret og kollegaene han skal jobba saman med.

– Voss har vore eit attraktivt reisemål, heilt frå ungdomsåra med slalåmski i helgene, og no som vaksen, ei bygd med fantastiske turmoglegheiter og aktivitetar, sommar som vinter. No gjeld det å finna ein god pendlarbustad, og førebu seg på høg aktivitet på kontoret i haust og å raskt bli kjend med utfordringane til heradet, slik at me saman kan finna dei gode løysingane, seier Kulild.

– Er er glad for at han er så motivert, og har så stort ynskje om å koma til Voss. Dette vert bra for heile kommunen vår og innbyggarane våre, seier Tonje Såkvitne.