Gjeraldstveit Mekaniske AS vart etablert for 51 år sidan, og sysselset i dag 13 personar. Dagleg leiar Narve Gjeraldstveit tok i mot prisen under heradsstyremøtet på Scandic Voss torsdag ettermiddag.
Bedriftsprisen vert delt ut av utval for kultur og næring, og utvalsleiar Vidar Skeie la vekt på kor viktig det er å ha verksemder med initiativ og som skapar verdiar i heradet.
Gjeraldstveit Mekaniske AS satsar også på vidareutdanning av eigne tilsette, og tek inn lærlingar.
Narve Gjeraldstveit takka for prisen, og for eit langt og godt samarbeid med Voss herad gjennom fleire store byggeprosjekt gjennom åra. Og håpa på fleire kommunale prosjekt i åra som kjem.