Rådmann Arild McClellan Steine sluttar i Voss herad

Arild McClellan Steine har i dag sagt opp stillinga si som rådmann i Voss herad for å verta kommunedirektør i Bjørnafjorden kommune. Han vil vera rådmann i Voss herad ut april, og tek til i ny jobb 1. mai. Han vart tilsett i eit ekstraordinært kommunestyremøte i Bjørnafjorden i ettermiddag. 

– Det vert vemodig å gje seg i Voss herad. Det er viktig for meg å seia at eg søkjer meg til Bjørnafjorden, og ikkje vekk frå Voss herad. Bjørnafjorden er ein kommune som har mange spennande moglegheiter og utfordringar, som eg ser fram til å gå i gang med. Det er òg rett å seia at eg hadde rekna med å vera i Voss herad lengre tid enn dette, men moglegheita i Bjørnafjorden dukka opp no, og eg har valt å gripa denne sjansen, seier Arild McClellan Steine om jobbskiftet.

Han kom til Voss herad som rådmann i 2018, og var prosjektrådmann for samanslåinga av Voss kommune og Granvin herad fram til det nye heradet vart etablert 1. januar 2020. Før det var han rådmann i heimkommunen Kvam herad. 

Tillit

– Det har vore fine, men også utfordrande år. I arbeidet med å byggja ein ny organisasjon har me også handtert ein pandemi, og flyktningstraumen som følgje av krigen i Ukraina. Me står også i ein situasjon med dyrtid og aukande rente, og med eit samfunn i endring som utfordrar kommunane på mange felt. Eg er imponert over korleis dei tilsette har handtert endringane, utvikla organisasjonen og samstundes levert gode tenester kvar dag. Eg forlèt ein velfungerande kommune med særs kompetente tilsette. Den dyktige leiargruppa i heradet har ført til at eg har utvikla meg som leiar og menneske kvar dag, og det vert trist å forlata det gode arbeidsmiljøet på kontoret, seier han.

Steine har gjennom alle åra mellom anna arbeidd målretta med å byggja tillit, både internt i organisasjonen, mellom herad og samfunn og mellom administrativt og politisk nivå. Han trekkjer særleg fram det gode samarbeidet han har, og har hatt, med ordføraren. 

– Gjensidig tillit og respekt mellom ordførar og rådmann er avgjerande for eit godt og fruktbart samarbeid. Dette har eg fått oppleva med to gode ordførarar i Voss herad. Samarbeidet mitt med Tonje Såkvitne fungerte perfekt frå fyrste dag og ho er ein talentfull ordførar som vil stå stødig i denne rådmannsovergangen, seier Steine.

Ekstern hjelp

Ordførar Tonje Såkvitne seier ho er lei for at Arild McClellan Steine forlet Voss herad, men ynskjer han lukke til i den nye stillinga. 

– Då eg vart informert om at han hadde søkt i Bjørnafjorden, kjende eg meg raskt sikker på at me kom til å mista rådmannen vår. Dette er ein naturlege konsekvens av å ha ein dyktig og framoverlent rådmann. Eg er veldig glad for det gode samarbeidet me har hatt den perioden eg har vore ordførar. Sjølv om eg synest det er synd at Arild skal vidare, så er det ikkje vanskeleg å vere glad på hans vegne, seier Tonje Såkvitne.

Voss herad skal no i gang med å rekruttera ny rådmann. Såkvitne seier heradet kjem til å nytta seg av ekstern hjelp i jakta på ny rådmann.

– Med det omdømmet Voss har, og med alt det gode som skjer og skal skje hjå oss, er eg trygg på at stillinga som rådmann hjå oss er svært attraktiv. Eg forventar derfor at me vil få svært gode søkjarar, og me treng å nytta oss av profesjonell hjelp for å kunne identifisera den beste kandidaten mellom mange sterke kandidatar. Me kjem til å konstituera eit tilsetjingsutval i heradsstyre i neste veke, og senda ut førespurnad til rekrutteringsbyrå. Det vil vera viktig med involvering i prosessen og eg kjem difor til å leggja opp til at tilsetjingsutvalet nyttar seg av formannskapet, pluss gruppeleiarar til dei partia som ikkje er representert der, som referansegruppe.

Prosessen med å rekruttera rådmann startar umiddelbart, men Voss herad vil bruka den tida som er nødvendig for å finna den rette kandidaten. 

Arild McClellan Steine sluttar i slutten av april, og det vil verta konstituert rådmann frå då og fram til den nye rådmannen er på plass.