Skyss startar nytt tilbodInnbyggjarane i store delr av Voss herad kan no ta i bruk Skyss sitt nye tilbod «Skyss Bestilling». Dette er ei ordning som gjer at du kan bestilla ei bussreise frå der du er til dit du skal, innanfor visse tidspunkt og soner. Sist endra 25.06.2025 10.43 På nettsida skyss.no/bestilling finn ein oversikt over kvar Skyss Bestilling gjeld i Voss herad. Generelt gjeld desse rutene og tidspunkta: Skyss bestilling Rute Dag Tidspunkt Bestillingssone Voss og omeign måndag - fredag, og laurdag Måndag - fredag: 17.45 - 22.00 Laurdag: 08.15 - 15.00 Voss - Bolstadøyri onsdag Avreise Voss kl. 21.15 Voss - Oppkvitno onsdag Avreise Voss kl. 21.15 Bestillingssone Voss og omeign gjeld i området frå Seim i vest, Skjerpe/Flatekvål i nord, Palmafossen/Brynali i aust og Gjernes i sør: Ein bestiller tur i appen Skyss Bestilling, på bestilling.skyss.no eller på telefon 55 55 90 99 (måndag-fredag mellom kl. 08.00-17.00). Reisa kan bestillast så tidleg som sju dagar i forvegen, og så seint som 30 minutt før avreise.Etter at ein har bestilt, vil ein få informasjon om nøyaktig kva klokkeslett ein vert henta. Dersom mange skal reisa samtidig, kan det bli noko ventetid, opplyser Skyss.Billettprisen er den same som andre bussreiser. Billett kan kjøpast i appen Skyss Billett, om bord med kontantar eller bankkort, på SMS eller i nettbutikken.