Sommarles 2024

Snart er det klart for den digitale lesekampanjen Sommarles.no. Frå 1. juni kan alle 1.-7. klassingar i Voss herad vera med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg. 

Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok 166 000 barn. Målet med kampanjen er å motivera barn til å lesa så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.