Mål og målgruppe for tilskuddsordningen
Tilskotsordning gjeld for organisasjonar i prisområde som har timeprisar over 73 øre per kWt.
Følgjande organisasjonar kan søkja:
• Verksemder som er registrerte i Frivilligregisteret
• Verksemder som ikkje er i Frivilligregisteret, kan søkja dersom eigarar/medlemmer med bestemmande innflytelse er registrert i Frivilligregisteret
• Andre frivillige verksemder som ikkje blir dekte under kulepunkt ein og to, kan få støtte dersom verksemda hovudsakleg blir driven av frivillig arbeidsinnsats og kor det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomiske fordelar frå verksemda. Frivillig arbeidsinnsats skal forståast som menneske som bidreg utan lønn eller anna form for økonomisk motyting, verken no eller i framtida.
Søkar må ha organisasjonsnummer.
Les mer på regjeringen.no Strømstøtteordning for frivillige organisasjoner - regjeringen.no og
lottstift.no: Strømstøtte for frivillige lag og organisasjoner - Lottstif
STRAUMSTØTTEFOND FOR FRIVILLIGE LAG OG ORGANISASJONAR
Sparebankstiftinga Hardanger har etablert eit straumstøttefond for frivillige lag, foreiningar og organisasjonar med tilhald i Hardanger og på Voss. Ordninga er ikkje mynta på privatpersonar, næringsdrivande eller offentlege aktørar. Det kan søkjast om kompensasjon for del av ekstraordinære høge straumprisar, og stiftinga legg til grunn at kraftpris over kr 1,- pr kWh inkl. mva er søknadsberrettiga. Det kan søkjast om kompensasjon for kostnader tilbake frå og med 01.01.2022. Les meir om ordninga og korleis søkja her:
Straumstøttefond for frivillige lag og organisasjonar - Sparebankstiftinga Hardanger (hardangerstiftinga.no)