Ingeborg Hellesnes Uppheim har fått tilbod om stilling som kommunalsjef for oppvekst. Ho er i dag leiar for avdeling for førebygging og rehabilitering i Voss herad. Ho bur i Ulvik.
Magnar Helland har fått tilbod om stilling som skulesjef, han er i dag rektor ved Dale barne- og ungdomsskule, og bur på Bolstad.
Kåre Grevle har fått tilbod om stillinga som rektor ved Voss ungdomsskule. Han er i dag tilsett som lærar ved Voss ungdomsskule, og har også ei frikjøpt stilling i Utdanningsforbundet Voss. Han er busett på Voss.
Dei har nå fått tilbod, og har frist på seg til å akseptera tilbodet innan utgangen av neste veke. Rådmann Torbjørg Austrud er nøgd med å ha gitt tilbod til gode kandidatar i dei tre stillingane, og håpar alle takkar ja.