Tilskot frå BKK-Viltfond

BKK-Viltfond er eit felles fond for kommunane Vik, Voss Vaksdal og Modalen.

Aktuelle søkjarar er villreinutval-/nemnd, grunneigarlag, hjortevald, jakt- og fiskarlag med fleire.

Søknadsfrist 1.mars

Reinsdyr i fjellheimen Sveinung Klyve

Tiltak det kan løyvast midlar til er:

  • Tiltak med bakgrunn i forvaltnings- og driftsplanar skal vektleggjast (både offentlege og privatrettslege planar).
  • Tiltak som fremjar bestandsforvalting på tvers av kommunegrensene har prioritet, til dømes villreinen i Fjellheimen villreinområde, leveområde for hjort, småviltforvalting og liknande.
  • Midlane skal vera med å fremja lokal kunnskap- og kompetanseutvikling og rekruttering hjå unge.
  • Det kan gjevast tilskot til kartleggings, utgreiings-  og informasjonstiltak.
  • Det kan òg løyvast midlar til ikkje jaktbare artar.

Tilskot skal hovudsakleg vera delfinansiering. Det er ein fordel om midlane medverkar til statleg finansiering av tiltak/prosjekt.

Handlingsplan tiltaksmidlar BKK- Viltfond 2022 - 2025 vedteken 08.12.21 (PDF, 94 kB)

Vik kommune er sekretariat for ordninga og skriftleg søknad med prosjektskildring og kostnadsoverslag/budsjett sendast til Vik kommune. Epost: ​​​​​​​postmottak@vik.kommune.no   

Merk søknaden med "BKK-viltfond".  Søknadsfrist 1.mars

Kontaktperson i Vik kommune er landbrukssjef Veronika Seim Bech. Tlf.nr er 90-91-07-09