Målet med tilskotsordninga er å leggja til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og samfunnsdeltaking.
Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.
Målgruppa er born og unge i alderen frå 0 til og med 24 år.
Utanforskap handler om å stå utanfor ulike arena eller fellesskap i samfunnet. Risikofaktorar for utanforskap kan væra:
- å veksa opp i familie med låginntekt
- manglande sosialt nettverk
- manglande tilknytning til skule/arbeid
- manglande deltaking i fritidsaktivitetar
Det er mogeleg å søkja om støtte til 12 ulike aktivitetstypar.
Informasjon om søknadsordninga finn de her: Tilskudd til inkludering av barn og unge | Bufdir