Tilskot til mangfald- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet
Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ei tilskotssordning som skal leggja til rette for auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet for alle barn og unge. Det er mogeleg å søkja til prosjekt eller eingongsutgifter. 100 millionar skal fordelast.
Søknadsfristen er 16.februar 2023, klokka 13.00.
Sist endra 02.02.2023 09.55
Frivillige lag og organisasjonar og kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus kan søkja. Idrett og fysisk aktivitet kan vera både organisert idrett og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, som for eksempel friluftsliv.
Tiltaka skal retta seg mot målgruppene for ordninga:
- Barn og ungdom fra 6-19 år i familier med vedvarande lavinntekt.
- Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter fra 6 til 19 år der jenter er underrepresenterte eller opplever særskilte barrierar.
- Personar med funksjonsnedsetting. Her kan ein søkja om støtte til alle aldersgrupper.
- Noverande og framtidige unge leiarar og trenarar, opp til 26 år, som er jenter/kvinner, personar med funksjonsnedsetting eller personar med minoritetsbakgrunn.
Les meir om regelverket for ordninga på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.