På tide å gjere noko med den store haugen med rundballeplast etter årets innefôringssesong?
Heradsstyret vedtok før jul å vidareføre tilskot til plastpresse i landbruket først innført i 2023, med kr 100 000.
- Vilkår for å få tilskot: føretaket må drive landbruksproduksjon i Voss herad.
- Tilskot pr innkjøpte presse er sett til kr 7500.
- Søknadsskjema her
Fortløpande handsaming, ingen søknadsfrist.
Tilskotet er knytt til ‘Strategi for bruk og handtering av plast i Voss herad 2023-2034’ (plaststrategien.)Delstrategi 3: Voss herad skal styrka satsinga på samarbeid og dialog med innbyggjarane i arbeidet. Ein del av tiltaka i plaststrategien gjeld næringslivet generelt og landbruket spesielt, mellom anna:
3.2.4 Samarbeida med landbruket om å redusera landbruksplast på avvege i naturen.
Plastpresser skal bidra til betre handtering av rundballeplast, redusere faren for spreiing av plast i naturen og betre kvaliteten for gjenvinning.
Ei plastpresse bidrar til:
- Effektiv komprimering av volum av plasten på garden.
- Å sikre at brukt plast på mellomlager ikkje kjem på avvege, vert tilskitna og mindre eigna til resirkulering og gjenbruk.
- Lettare å handtere og transportere plast til gjenvinnin
For medlem i Bondelaget og Gjensidige er det høve til å søkje om ytterlegare støtte. Felleskjøpet har ei ordning der dei tek med komprimert plast som returlast når dei har kapasitet. Dette gjeld også for dei som ikkje er kundar i FK.
Har du spørsmål: Ta kontakt med Kari Mostad på e-post: kari.mostad@voss.herad.no, eller 97 99 71 50