Voss herad lysar ut på nytt tilskot til innkjøp av plastpresse i landbruket.
Søknadsfrist er 15.oktober.
Tilskotet pr presse er auka til kr 7500 pr. bruk.
Grupper/lag som ynskjer å rydde område for plast kan søkje om støtte til dette om det er midlar att.
Sist endra 21.09.2023 11.09
Voss herad lyste i vår ut tilskot til innkjøp av plastpresse i tilknyting til den vedtatte Strategi for bruk og handtering av plast i Voss herad 2023-2034 (plaststrategien.)
Me har framleis midlar att og lyser tilskotet ut på nytt med søknadsfrist 15.oktober 2023.
Søknadsskjema her
Vilkår: føretaket må drive landbruksproduksjon i Voss herad.
Tilskot pr innkjøpte presse er sett til kr 7500. som er ei auke frå i 1.utlysinga.
Tilskotet e knytt til plaststrategien; Delstrategi 3: Voss herad skal styrka satsinga på samarbeid og dialog med innbyggjarane i arbeidet. Ein del av tiltaka i plaststrategien gjeld næringslivet generelt og landbruket spesielt, mellom anna:
3.2.4 Samarbeida med landbruket om å redusera landbruksplast på avvege i naturen.
Det ble sett av kr 100 000 til støtte for innkjøp av plastpresser i landbruket i 2023. Plastpresser skal bidra til trygg handtering av rundballeplast, noko som reduserer faren for spreiing i naturen og aukar kvaliteten for gjenvinning.
Ei plastpresse bidrar til:
- Effektiv komprimering av volum av plasten på garden.
- Å sikre at brukt plast på mellomlager ikkje kjem på avvege, vert tilskitna og mindre eigna til resirkulering og gjenbruk.
- Lettare å handtere og transportere plast til gjenvinnin
For medlem i Bondelaget og Gjensidige er det høve til å søkje om ytterlegare støtte. Felleskjøpet har ei ordning der dei tek med komprimert plast som returlast når dei har kapasitet. Dette gjeld også for dei som ikkje er kundar i FK.
Det er også høve for lag og organisasjonar å søke støtte til tiltak og dugnadar for å rydde plast i område som har utfordringar med plastureining. Dei kan skrive ein enkel omtale av prosjektet med kart over kvar dei ynskjer å rydde og sende postmottak@voss.herad.no
Har du spørsmål: Ta kontakt med Kari Mostad på e-post: kari.mostad@voss.herad.no, eller 97 99 71 50