Utlysing av investeringsmidlar til utmarksbeite, 2026

Investeringsmidlar for tiltak i beiteområde har som formål å legge til rette for best mogleg nytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på beite og fremje fellestiltak og samarbeid i beiteområda.  Det er leiaren i beitelaget som skal søkja. 

Søknadsfrist er 1. mars 2026.

Utmarksbeite er ein viktig ressurs som me har lang tradisjon for å nytte i Voss. Investeringsmidlar skal bidra til framhald av denne bruken.  Ordninga er styrt av  forskrift om tilskudd til tiltak i beiteområder og lokal tiltaksstrategi (frå side 10)

Voss herad har i år kr 440 000 til investeringstiltak i beiteområda. Dette er ei gledelig auke på kr 160 000 frå 2025.  Tilskot har i stor grad vorte nytta til sporingsutstyr eller større investeringsprosjekt.  Beitelaga får driftsmidlar gjennom organisert beitebruk (OBB, frist 15.november) og kan slik grad koste mindre tiltak sjølv. 

Søknadsfrist for investeringsmidlar i beiteområde er 1.mars 2026
Les meir og finn søknadsportal her

Inger Marie Hernes

 

Tiltak som er prioritert i lokal tiltaksstrategi:

Faste og mobile investeringstiltak som kan få tilskot: 

Tilskot til investeringar i faste installasjonar og anna utstyr knytt til beitebruk. Innanfor disse rammene kan tilskot gjevast til alle tiltak som fremjar bruken av beite i eit område. 

  • Sperregjerder 
    • Et sperregjerde skal hindre at beitedyr reiser ut av beiteområdet. Det vert ikkje gove tilskot til gjerder som fell under lov om grannegjerde. 
  • Ferister
    • Ferister bør være av godkjent fabrikat eller bygd etter standardteikningar. 
  • Bruer
    • Tilskot til bruer som er dimensjonert for føring av beitedyr. Dersom bruene er kraftigare dimensjonert kan kostnadsoverslag eller tilskotsandel verte redusert tilsvarande. 
  • Gjetarhytter
    • Kostnadsoverslag for gjetarhytter kan omfatte hytter på inntil 20 m2 med kvadratmeterpris tilsvarande gjennomsnittleg kostnad for hytter av enkel standard i det aktuelle området. 
  • Sanke- og skilleanlegg 
  • Anlegging/rydding/ utbetring av drifteveier 
  • Saltsteinsautomatar 
  • Transportprammar 
  • Elektronisk overvakingsutstyr (radiobjøller, lammenoder, merkeavlesarar, findmysheep mv. I område med særskilt dårleg dekning, kan tilskot til felles basestasjonar også vere aktuelt) 
  • Elektronisk gjerde (for eksempel av typen Nofence) vert vurdert på linje med anna sporingsutstyr. 

Det er ein føresetnad for tilskot til faste installasjonar at det vert innhenta løyve frå eller avtaler med grunneigarar eller andre som har rettigheiter i det aktuelle beiteområdet, og som kan tenkjast å verte rørt av tiltaket. 

Det kan ikkje gjevast tilskot til same type investeringstiltak før etter 20 år for hytter og 15 år for andre faste installasjonar.

Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt 

Gjeld ulike typar prosjekt som retter seg mot organisering og tilrettelegging av utmarksbeita for god og effektiv beitebruk. Dette kan m.a. omfatte: 

  • Planlegging og prosjektering av faste installasjonar. 
  • Ny organisering av beitelag og utmarksbeiteområder. 
  • Prosjektretta arbeid for stimulering til auka beitebruk og rasjonell nytting av beita. 
  • Tidsavgrensa utprøving av nytt utstyr som kan bidra til effektiv og god beitebruk. 
  • Utarbeiding av planar (tiltaksplan, beredskapsplan mv.) for utmarksbeite 
  • Vegetasjonskartlegging av beiteområde.

 

Beitebruksplan: Voss herad jobbar med beitebruksplan for heradet som skal leggja til rette for ei levande beitenæring som heldt kulturlandskap i hevd, opprettheldt beiteverdiane og sikrar naturmangfaldet inn i framtida. Les meir her

Har du spørsmål ta kontakt med landsbruksavdelinga, Voss herad 56 51 94 00.