Sau på beite i ReppaneSommaren 2022 og 2023 gjennomførte NIBIO vegetasjonskartlegging av beiteområda mellom Myrkdalen, Jordalen og Oppheim. Området er delt inn i sju område: Oppheimsdalen, Øyaset, Årmotsdalen- Reppane, Kvanndalen, Sandbotnen med Vikset/Ystebotn og Armotsdalen/Vikabotnen, Brekkedalen og Skjoldsetdalen. Det meste av arealet som er kartlagd ligg mellom 700 og 1300 moh. Den klimatiske skoggrensa går kring 800 - 900 moh. Vegetasjonskart gjev eit bilete av den mosaikken av vegetasjonstypar som det naturlege plantedekket består av. Ein vegetasjonstype er ei karakteristisk samling planteartar som vil gå att på lokalitetar med like veksetilhøve. Ei oversikt over utbreiinga av vegetasjonstypar gjev også informasjon om variasjonen i økologiske faktorar (klima, næring og vatn i jorda, snødekke og kulturpåverknad) i eit område. I tillegg kan kvar vegetasjonstype tilleggast eigenskapar med omsyn til ulik ressursutnytting og bruk (beite, slitestyrke for ferdsel, artsmangfald m.m.) og er nyttig i mange samanhengar for forvaltning av området.
Kartlegginga konkluderer med at området over skoggrensa vert klassifisert som ‘godt – svært godt’ beite for sau og ‘godt’ for storfe. Under skoggrensa er vegetasjonen stadvis godt kultivert og kan settast til ‘godt – svært godt’ beite for både storfe og sau. Området er relativt godt utnytta slik det er i dag, men ein ser likevel at delar er i ferd med å gro att og vil ha behov for skjøtsel for å oppretthalde produktiviteten i området .
Kartlegginga er bestilt av Vossestrand og nærøydalen beitelag som har rundt 4700 sau og 385 storfe på beite i det kartlagte området. (Totalt har beitelaget 9097 småfe og 1479 storfe på beite). Rapporten vil vere viktig når arbeidet med utvikling av beitebruksplan for Voss tek til. I Voss er det totalt 15 beitelag som samarbeider om nytting av utmarksbeita i kommunen.
Les heile rapporten her
Sjølve vegetasjonskartet ligg i KILDEN