Vil du vera meddommar?

Voss herad skal innstilla nye meddommarar og skjønnsmedlemmar for perioden 2025-2028 i løpet av våren 2024. Her finn du informasjon om vervet og rekrutteringsprosessen.

Korleis bli meddommar?

Kva slags oppgåver har ein meddommar?

Kven kan bli meddommar?

Lurar du på noko?

Kva vil det seie å vera meddommar?

Korleis bli meddommar?

Dersom du kan tenkja deg å bidra eller vil ha meir informasjon ta kontakt med politisk sekretariat på epost politisk.voss@voss.herad.no eller 56 51 94 00 innan 13. mars 2024

 

Kva slags oppgåver har ein meddommar?

Meddommarar er vanlege innbyggjarar som er med å ta avgjersler i rettssaker. Som meddommar kan du rekna med å verta kalla inn ein til fire gonger i året. Dei fleste rettssaker varer frå ein til tre dagar, men enkelte saker kan vara lenger.

Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt, og vanlegvis får du fri frå jobb for å utføra vervet. Dersom du taper arbeidsfortening, får du erstatning for dette.

Vervet som meddommar inneber at du er ein av fleire meddommarar som skal dømma saman med juridiske fagdommarar.

Les meir om kva det vil seie å vera meddommar her.

 

Kven kan bli meddommar? 

Lovverket stiller krav til kven som kan veljast som meddommar. Nokre av desse krava er at

Sjå krav til vandel og kva stillingar du ikkje kan ha i domsstollova §70-72 

 

Lurar du på noko?

Ta kontakt med oss i heradet dersom du har spørsmål om vervet eller til val av meddommarar.

Send e-post til politisk.voss@voss.herad.no eller kontakt oss på telefon 56 51 94 00

 

Kva vil det seie å vera meddommar?