Øvinga finn stad på lokasjonar i Alver, Eidfjord, Kvam, Modalen, Osterøy, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal og Voss og føregår i perioden 23. juni – 14. juli 2025. I tidsrommet vil det vera opp til 300 personar frå det belgiske forsvaret fordelt i ulike felt og øvingsoppdrag. Hovudbasen og hovudleir vil liggja ved Bømoen leir (Voss herad).
Dei belgiske styrkane er så langt kome med 82 militært personell. I løpet av måndag 30. juni vil det koma ytterlegare personell.
29. juni 2025
Aktivitet i lufta området Brandset-Mjølfjell (Voss herad) med droner. Det vil bli etablert eit leirområde i tilknyting til flystripa i Bømoen. Installering av leirområdet på Vikaneset (Alver kommune) held fram. Køyretøy, båtar og konteinarar vil bli transportert frå Bømoen til Vikaneset.
30. juni 2025
Det kjem ytterlegare 214 militært personell til Flesland, Bergen, som vil transporterast med bussar til leirområda på Bømoen og Vikaneset. Flytting av køyretøy frå Bømoen til Vikaneset vil halda fram denne dagen.
Kunngjering om øvinga frå Statsforvaltaren:
Kunngjering - rekvisisjon av øvingslende
Til grunneigarar i Alver, Eidfjord, Kvam, Modalen, Osterøy, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal og Voss
Forsvarets Operative Hovudkvarter rekvirerer lende i dei nemnde kommunane til gjennomføring av øving «Yellow Condor 2025» i perioden 23. juni-14. juli 2025.Med bakgrunn i Forsvarets øvingsprogram for 2025, vil det bli gjennomført øving med ei avdeling allierte styrkar på ca. 200 personar i nemnde tidsrom. Bergenhus heimevernsdistrikt (HV-09) er lokal vertsavdeling. Avdelinga vil nytte infrastruktur og fasilitetar på Bømoen på Voss, men det er og lagt opp til aktivitet utanfor militære øvingsfelt.
Områda som vil nyttast er fjordområda nord for Osterøy, mellom Bjørsvik, Bolstad og Modalen. I tillegg Hardangerfjorden, mellom Tysnes, Osa og Eidfjord.
Øvingsaktiviteten vil innebere ferdsel med småbåtar på sjøen og til fots i lende. Som ein del av aktiviteten på land vil det og verte nytta køyretøy. Det må og påreknast noko luftaktivitet i form av lågtflygande helikopter og fallskjermhopp.
Nattleg aktivitet vil førekome. Forsvaret ber publikum om å ikkje å søke kontakt med dei øvande styrkane, om ikkje situasjonen gjer det nødvendig. Grunneigarar vert oppmoda om å merke bommar tydeleg med kontaktinformasjon, slik at Forsvaret kan kome til innanfor dei rekvirerte områda.
Øvingsleiinga kan kontaktast via operasjonssenteret til HV-09: Tlf: 55 54 63 55, epost: hv.hv-09.ops@mil.no.
Nærare informasjon om aktiviteten kan fåast ved å kontakte major Karl Johan Staff, tlf. 476 42 826, e-post: kastaff@mil.no
Melding om tap eller skade som følgje av øvingsaktiviteten kan rettast til operasjonssenteret til HV-09.
Heimel for rekvisisjon av øvingslende er gitt i lov om militære rekvisisjoner (rekvisisjonslova) med tilhøyrande forskrifter, og lov om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselslova, §4).
Erstatning for tap og skade forårsaka av øvinga vert ytt i samsvar med føresegnene i rekvisisjonslova av 29. juni 1951