Yellow Condor 7.-8. juli

Informasjon for dei to neste dagane om øvinga til dei belgiske spesialstyrkane.

Øvinga finn stad på lokasjonar i Alver, Eidfjord, Kvam, Modalen, Osterøy, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal og Voss og føregå i perioden 23. juni – 14. juli 2025. I tidsrommet vil det vera om lag 300 personar i frå det belgiske forsvaret fordelt i ulike felt og øvingsoppdrag. Hovudbasen og hovudleir vil liggja ved Bømoen leir (Voss herad).

7. juli 2025

  • Spesialrekognosering og observasjon av mål på Varaldsøy med scenarioøving på Varaldsøy for å utfordre rekognoseringslaget.
  • Fallskjermhopp og infiltrasjon – Hallingskeid. Spesialrekognoseringslag med høgdehopp og infiltrasjon til fots mot eit trygt område. Fallsona og område nær Mjølfjell og Ossete i retning Hallingskeid.
  • Rekognoseringstrening – Voss. HV09 med belgiske instruktørar i området kring Voss.
  • Båttrening – Sild. HV09 med belgiske instruktørar. Rundt og ved øya Sild (nær Varaldsøy).
     

8. juli 2025

  • Fallskjermhopp og infiltrasjon – Hallingskeid. Spesialrekognoseringslag med høgdehopp og infiltrasjon til fots mot eit trygt område. Fallsona og område nær Mjølfjell og Ossete i retning Hallingskeid.
  • Etter eit nattleg angrep på mål på Varaldsøy (kl. 00:00–04:00), vil styrkane flytte seg med båt til skogsområdet ved Samlen for kvile og førebuing til vidare operasjonar mot Ålvik.
  • To lag vil etablere fiendeposisjonar langs strendene ved Utne og Tjoflot som del av eit kommande scenario rundt 10. juli.
  • Oppretting av fiendtleg kommandoplass ved Hallingskeid. Styrken vil koma med tog frå Voss.
     

Kunngjering om øvinga frå Statsforvaltaren:

Kunngjering - rekvisisjon av øvingslende

Til grunneigarar i Alver, Eidfjord, Kvam, Modalen, Osterøy, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal og Voss

Forsvarets Operative Hovudkvarter rekvirerer lende i dei nemnde kommunane til gjennomføring av øving «Yellow Condor 2025» i perioden 23. juni-14. juli 2025.Med bakgrunn i Forsvarets øvingsprogram for 2025, vil det bli gjennomført øving med ei avdeling allierte styrkar på ca. 200 personar i nemnde tidsrom. Bergenhus heimevernsdistrikt (HV-09) er lokal vertsavdeling. Avdelinga vil nytte infrastruktur og fasilitetar på Bømoen på Voss, men det er og lagt opp til aktivitet utanfor militære øvingsfelt.

Områda som vil nyttast er fjordområda nord for Osterøy, mellom Bjørsvik, Bolstad og Modalen. I tillegg Hardangerfjorden, mellom Tysnes, Osa og Eidfjord.

Øvingsaktiviteten vil innebere ferdsel med småbåtar på sjøen og til fots i lende. Som ein del av aktiviteten på land vil det og verte nytta køyretøy. Det må og påreknast noko luftaktivitet i form av lågtflygande helikopter og fallskjermhopp.

Nattleg aktivitet vil førekome. Forsvaret ber publikum om å ikkje å søke kontakt med dei øvande styrkane, om ikkje situasjonen gjer det nødvendig. Grunneigarar vert oppmoda om å merke bommar tydeleg med kontaktinformasjon, slik at Forsvaret kan kome til innanfor dei rekvirerte områda.

Øvingsleiinga kan kontaktast via operasjonssenteret til HV-09: Tlf: 55 54 63 55, epost: hv.hv-09.ops@mil.no.

Nærare informasjon om aktiviteten kan fåast ved å kontakte major Karl Johan Staff, tlf. 476 42 826, e-post: kastaff@mil.no

Melding om tap eller skade som følgje av øvingsaktiviteten kan rettast til operasjonssenteret til HV-09.

Heimel for rekvisisjon av øvingslende er gitt i lov om militære rekvisisjoner (rekvisisjonslova) med tilhøyrande forskrifter, og lov om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselslova, §4).

Erstatning for tap og skade forårsaka av øvinga vert ytt i samsvar med føresegnene i rekvisisjonslova av 29. juni 1951