Bruk av IKT løysingar

Her finn du handbok for bruk av IKT løysingar i Voss herad

Som tilsett i Voss herad vil du få tilgang til fleire ulike IKT løysingar, og du er forplikta til å setta deg inn i regelverket som gjeld for dette området. Voss herad har difor utarbeida ei handbok som vil gje deg som brukar ei innføring i både ansvarsområde, oppgåver, lovverk, mm. Den er ein rettleiar som skal gje deg ei innføring i korleis du skal nytta Voss herad sine løysingar på ein trygg, god og effektiv måte.  

Gjennom denne handboka vil du få meir informasjon om korleis du skal forhalde deg til ulike emne som til dømes grunnleggjande informasjonssikkerheit, sikkerheit på mobile einingar, fysisk sikkerheit, personvern og informasjonssikkerheit, anskaffing av IKT løysingar, avvikshandtering, mm. Du vil også finna lenkjer til både offentlege lovkrav og retningslinjer, og interne reglement og retningslinjer som er utarbeida av og for tilsette i Voss herad.

NB! Handboka er ikkje ein rettleiar for korleis du skal nytta spesifikke fagsystem eller programvare i samband med utføring av arbeidsoppgåver. Slik opplæring og informasjonen vil bli gitt avdelingsvis. 

 

Handbok for bruk av IKT løysingar