Digital forvaltning

Her finn du handboka til forvaltning av IKT området i Voss herad. 

Voss herad er, og vil alltid vera, i kontinuerleg endring. Dette skuldast både interne forhold som til dømes organisering, arbeidsprosessar, IKT system og løysingar, men og grunna eksterne faktorar som lovverk, ny teknologi, krav og forventningar frå innbyggjarane, mm. Dei eksterne faktorane kan me ikkje påverka i noko særleg grad, men det er viktig at me har ein god kontroll og kvalitet på det me gjer internt.

IKT området er ein sentral og integrert del av dei interne forholda og har stor påverknad på korleis me utfører oppgåvene våre. Det er også eit svært komplekst område å forvalte, noko som krev gode og tydelege prosessar knytt til både anskaffing, drift, vedlikehald, utvikling, endring og avvikling. Det er også naudsynt å ha ei god oversikt på kven som har ansvaret for dei ulike områda for å sikre at me har ei trygg, stabil og føreseieleg forvalting av IKT området.

Voss herad har vedteke ein forvaltningsmodell for IKT området som skal gjere det lettare å arbeida med dette området. Forvaltningsmodellen er skildra i ei digital handbok som er utforma som ein rettleiar. Denne rettleiaren skal bidra til å forenkla arbeidet med IKT- forvaltninga i dei ulike kommunal- og stabsavdelingane i Voss herad. 

 

Handbok til forvaltning av IKT området