Sommaren 2020 starta Voss herad innkjøpsprosessen med å etablera eit sak- og arkivsystem med tilhøyrande modular, som sikrar gode avtalar og naudsynt kvalitet på leveransane til Voss herad. Gode avtalar vil gjera det mogleg å etablera ei trygg og stabil forvaltning av løysinga.Acos
Websak skal erstatta 360 Online. Dette er eit system for heile Voss herad, og innføringa av nytt system skjer no, våren 2022.
Eit av måla våre er å gjera dei ulike avdelingane meir sjølvgåande og ha eigarskap. Det vil føra til auka bruk, og ikkje minst meir rett bruk. I prosessen skal me gje god opplæring, kartleggja behov i organisasjonen, sikra at me føl opp lovkrav og stetta politiske prosessar.
Systemet skal gjera arbeidskvardagen enklare for oss alle saman, men då må dette prioriterast. Å ikkje vera med no, vil føra til meir arbeid og mindre effektivitet seinare. Det er no systemet vert innført, det er no det er viktig å vera med for å leggja grunnlaget for dei komande åra.
Det er Acos som står for opplæringa, for sakshandsamarar/ brukarar i systemet er det eit introduksjon kurs og eit sakshandsamingskurs. Totalt ca 4 timar. Leiarar vil ha eit kurs på to timar i tillegg. Dette er tilstrekkeleg for å gjera dei aller fleste av oss operative i systemet.
Presentasjon av prosjektet (PDF, 535 kB)