Digital Tryggleik – Juli 2023

Her kjem fjerde utgåve av «Digital tryggleik»: nyttig informasjon om korleis ein skapar ein trygg digital kvardag, både på jobb i heradet, men også på privaten.

Kva skjer i tryggleiksverda for tida?

14. juli skreiv NRK om korleis små og mellomstore verksemder bryt lova når dei behandlar personopplysningar.

Skjermdump frå NRK.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

GDPR er eit komplisert regelverk som tek tid og kostar pengar å stelle seg til. Det gjer at mange verksemder bryt lova fordi dei ikkje har råd til å følgje opp regelverket. Fleire fortel at dei nyttar e-post for utveksling og deling av opplysningar mellom tilsette og kundar. Datatilsynet opplyser om at e-post ikkje er ei godkjend meldingsteneste når det er snakk om sensitive opplysningar, og at dei i framtida kjem til å bøtelegge fleire lovbrot knytt til GDPR.

Om du vil lese meir kan du trykkje her.  

Så kva skal me som tilsette gjere for å handheve GDPR på ein god måte?

I vår kvardag som tilsette hjå Voss herad handterer me mange personopplysningar. Dette er informasjon som ikkje skal delast utanfor tenesta, og me skal ikkje legge dei plassar der uvedkommande kan sjå dei.

Her kjem nokre tips til korleis me bør handtera personopplysningar i tenesta våre:

  • Tenkje over kva ein sender og kven ein sender denne informasjonen til. Treng mottakaren alle opplysningane? Kan ein minimere mengda opplysningar og oppnå same resultat?
  • I staden for å sende sensitive personopplysningar per e-post bør dei tilsette nytta fagsystema våre. Dei er laga for å handtera personopplysningar på ein trygg og god måte. Bruk fagsystema flittig i arbeidskvardagen!
  • Tenkje over om du har nokre dokument eller anna liggjande som du deler med andre tilsette. Treng dei andre desse opplysningane? Kan opplysningane slettast?
     

Du finn rutinar for korleis me som tilsette skal behandla personopplysingar i Compilo.
 

Ynskjer du meir informasjon om ein trygg digital kvardag? Bli med i teamet «Digitale tips og triks» på Teams!

Kontakt

Personvern i Voss herad
E-post
Telefon 56 51 94 00

Postadresse: 

Voss herad
Postboks 145,
5701 Voss

E-post: personvern@voss.herad.no