Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Informasjon om vaksine: Oppdatert informasjon om koronavaksine i Voss herad

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Hugs smittevernreglane

Hugs smittevernreglane

Trass i at det er stadfesta lite smitte i Voss herad, betyr ikkje det at me kan la vera å tenkja smittevern. Reglane og råda er dei same som før, hald avstand, vask hendene og hald deg heime om du kjenner deg sjuk. For alle tilsette i Voss herad gjeld fylgjande reglar som skal fylgjast i samband med arbeid:

Kjenner du deg sjuk eller har symptom på luftvegsinfeksjon, hald deg heime, og kontakt testsenteret for testing. Tlf: 900 89 662. Om det er mogleg, skal du arbeida frå heime.

Er den du bur i lag med sjuk, men du er symptomfri, skal du gå på jobb som vanleg. Om du får symptom, skal du gå heim med ein gong. Dersom medlemar av husstanden er smitta av korona, skal du vera i karantene og verta testa.

Om du kallar inn til fysisk møte, legg til rette for Teams-møte kvar gong slik at deltakarane enkelt kan delta digitalt dersom dei har symptom på luftvegsinfeksjon.

Alle skal vaska hendene eller nytta handsprit når dei kjem inn på arbeidsplassen.

Alle har ansvar for å desinfisera overflater på fellesrom, som møterom, tekjøken osb.

Korona august 2020

 

Hugs smittevernreglane: hald avstand – vask hendene – host/nys i papir eller olbogen