Rekneskapen for 2023 nærmar seg opp og avgjort. Tala er ikkje godkjent av revisor endå, men hovudtrekka er klare. Tala syner eit langt dårlegare resultat enn me trudde i haust. Netto driftsresultat (driftsinntekter – driftsutgifter + finans) er på negative 9,3 mill.kr, eller -0,5 % av driftsinntektene. Det vil seie at utgiftene vart langt høgare enn inntektene. Dette gjorde at det ikkje kunne setjast av så mykje som planlagt til sparekontoen vår, disposisjonsfond. Med rekneskapstala som no ligg føre er det brukt ca. 13,3 mill.kr av disposisjonsfond og berre sett av ca. 6,5 mill.kr.
Dei største meirforbruka er i kommunalavdeling Oppvekst og Helse og omsorg.
Avdeling | Rev. budsjett 2023 | Rekneskap 2023 | Avvik 2023 | Budsjett 2024 | Endring 23 til 24 |
Administrasjon / politiske organ | 21 820 447 | 19 661 794 | 2 158 652 | 20 504 679 | -6 % |
Oppvekst | 548 674 378 | 571 207 784 | -22 533 405 | 541 765 990 | -1 % |
Helse og omsorg | 493 677 129 | 531 526 897 | -37 849 768 | 496 948 000 | 1 % |
Stab | 71 113 513 | 67 121 828 | 3 991 685 | 71 986 094 | 1 % |
Kultur og fritid | 56 358 198 | 55 668 940 | 689 258 | 47 322 657 | -16 % |
Teknisk | 171 650 321 | 143 764 959 | 27 885 362 | 155 716 974 | -9 % |
Finans | -1 363 293 986 | -1 388 952 203 | 25 658 217 | -1 334 244 210 | -2 % |
Hovudgrunnane til meirforbruka er rekrutteringsvanskar og handtering av fråvær, manglande tilpassing av tenestene til budsjettrammene, fleire som har store hjelpebehov, stor vekst i sosial stønad til flyktningar og noko feilbudsjettering. Avvika er så store, og mange av grunnane til meirforbruk tek me med oss inn i 2024. Helse og omsorg har allereie varsla at dei ligg an til store meirforbruk i 2024. Dette er grunnen til at det no vil bli sett i gang ei rekkje grep for å få kontroll på økonomien og betra økonomistyringa. Tiltaka omfattar revurdering av budsjettløyvingar, tiltak for betra rapportering og styring, innsparingskrav og kartlegging av endringar i tenester som må til for å tilpassa seg dei økonomiske rammene me har.
Her finn du sak om økonomisk status 2023 og 2024: Saker til Formannskap mars 2024
Her finn du ny rutine om korleis vesentleg meirforbruk skal rapporterast: Rutine for rapportering og oppfølging av vesentleg meirforbruk - Compilo (ksx.no)
Inspirasjon og motivasjon
Utover våren kjem stabssjef innbyggjarservice til å starta opp med korte foredrag om litt ulike tema. Foredraga vil vera på om lag ein halvtime, og ha tema som kommunikasjon, meiroffentlegheit og offentleglova, mediehandtering, både for utrygge og trygge leiarar, skrivekurs for skriveføre, personvern for «dummies», informasjonsikkerheit på norsk med meir.
Målet er å inspirera, motivera og bevisstgjera. Me trur at korte drypp som kjem litt hyppig kan vera eit fint tilbod som mange kan nytta seg av. Vanskeleg å koma på tinghuset midt på dagen ein halvtime, seier du? Snakk med leiaren din, så kanskje vert me invitert til eit personalmøte ute på einingane om det høver betre. Men fylg med, her kjem det snart ein liten timeplan.
Uynskte artar i naturen
Voss herad held sist veke ope møte og internkurs om arbeid for å avgrense uynskte artar sin påverknad på Vossanaturen. Tiltaket er i samband med utarbeiding av naturmangfaldsplan LINK) for heradet. Ein innspelsportal for enkelt og anonymt å gje innspel om viktig natur eller førekomstar av uynskte artar, har vore ope fram til 28. februar.
Naturen i heile verda er ifylgje FNs naturpanel under sterkt press. Utarbeiding planen skal gje oss eit hjelpemiddel som gjer at me vert betre i stand til å ta vare på naturen vår. Dei viktigaste drivarane for tap av naturmangfald er klimaendringar, ureining, endra arealbruk, overforbruk og invasjon av framande artar.
I samband med utarbeiding av naturmangfaldsplan for Voss og pågåande prosjekt i heradet for fjerning av kjempespringfrø, inviterte Voss herad til ope møte torsdag 15. februar og internkurs fredag 16. februar om handtering av uynskte vekstar i heradet.
Samarbeid er viktig! Internkurs for eigedom og drift vart halde fredag 16.feb. Frå venstre: Sondre Gjøstein ansvar for vegdrift Voss herad, Milciades Luis Domingez, Natureco, Gudrun Folkedal med vetle Synneva frå Folkedal ungdomslag, Olav Overvoll Statsforvaltaren og Anne Elisabeth Carlsen, dagleg leiar NaturecoMed på dette var mellom andre Statsforvaltaren, representantar for lokale tiltak og firmaet Natureco frå Stavanger. Natureco er eit lite firma, men med stor praktisk røynsle frå skjøtsel av viktige naturverdiar, og deira påstand er at det går an å utrydde kjempespringfrø. Ei utrydding vil vera på vilkår av at ein har utfyllande kunnskap om planten og planten sin biologi, detaljert oversikt over spreiingsvegar, oversikt over førekomstane og bestanden og ei god kartlegging. Oppå dette må ein ha systematikk for gjennomføring av arbeidet og godt samarbeid med grunneigarar og ålmenta.
Natureco har også laga film saman med Sabima om korleis fjerne kjempespringfrø som du kan sjå Lær å bekjempe kjempespringfrø.
Kvifor vil me ikkje ha framande artar? Artar som vert innførte og som spreier seg i naturen medfører ein økologisk påverknad på den lokale naturen me ikkje ynskjer. Dei fortrenger dei lokale artane, reduserer mangfaldet, tek pollineringskapasitet frå dei lokale artane, kan overføre sjukdom og smitte, kan skade terrenget og føre til erosjon og dei kan hybridisere med lokale plantar slik at artsmangfaldet vert utarma.
Samarbeid grunnlaget for løysinga. Ingen kan gjere alt, så det er avgjerande at grunneigarar, lokalsamfunn og kommunen samarbeider om avgrensing og fjerning av uynskte artar.
Gudrun Folkedal om prosjektet for fjerning av kjempespringfrø i Folkedal.I Folkedal starta ungdomslaget med Gudrun Folkedal i spissen, i 2023 eit prosjekt for å få vekk kjempespringfrø som då plutseleg hadde spreidd seg alle veier. Prosjektet har fått SMIL-støtte, støtte frå Statsforvaltaren og Sparebankstiftinga Hardanger. Med gjennomført god systematikk og godt samarbeid, m.a. med aktørar som utfører kantslått, kan kjempespringfrø vere ein av dei enklare artane å få has på.
Statsforvaltaren har pågåande andre tiltak for å hindre at kjempespringfrø spreier seg i Vossavassdraget.
Ansvarleg for utarbeiding av Naturmangfaldsplanen, Kjersti Næss Finne, presenterte begge dagane det pågåande planarbeidet i Voss herad. Denne får status som kommunal temaplan, og det vil verte jobba med denne fram til hausten. Den viktigaste delen i tillegg til oversikt over kunnskap og kunnskapshol om naturen i Voss, er utarbeiding av tiltaksplan.
Kompetanseplan
Kompetanseplan for helse og omsorg er no godkjent og er tilgjengeleg på https://voss.herad.no/tenester/samfunnsutvikling/planar-og-rapportar/handlingsplanar/kompetanseplan-for-helse-og-omsorg/. Dette er eit arbeid som starta i fjor og no er me allereie i gang med iverksetting. Tilsette i helse og omsorg tvers nivå, avdeling og profesjon samt fleire andre partar har bidratt i planarbeid. Innspelet deira har utforma planen med mål, strategi og tiltak. Det var stort engasjement, god kompetanse og brei erfaring. Dei var inspirasjonen til resultata. Å ha ein plan for kompetanse styring og utvikling har vore etterlyst og me håper at planen svarar på forventningane.
Kompetanseutvikling er å utvikla ny kunnskap, ferdigheitar, og haldningar for å dekka framtidige kompetansebehov. Kompetanseplan for helse og omsorg syner korleis me skal arbeida med kompetansestyring og utvikling for å nå måla våre. Planen vil fungera som ei handbok og er styrande for alt kompetansearbeid. God kompetanse på rett nivå og stad og til rett tid er ein føresetnad for gode, effektive og trygge tenester. Det vil vere viktig å sikre at heradet gjennom kompetanseheving styrkar sine moglegheiter til å utvikle berekraftige og gode helse- og omsorgstenester. Ein ser at heradet skal ivareta brukarar og pasientar med stadig meir samansette og komplekse behov. Analysar og framskrivingar viser at kommunen vil stå overfor utfordringar med å skaffe tilstrekkelig og kompetent bemanning til tenestene i åra som kjem.
Me skal utvikla tiltak og investera i løysingar som gir lågast mogleg personellvekst i våre helse- og omsorgstenestene, men som samtidig held oppe tenestetilbodet og -kvaliteten i Voss herad.
I lys av den aukande forsørgerbrøken for eldre samt framskrivingar av behovet for arbeidskraft, vert det viktig at me kan levere god kvalitet på tenestene og det krev god og rett kompetanse. Dei som arbeidar i brukarretta tenester skal kunne handtere komplekse arbeidsoppgåver og gi tenester til brukarar med samansette behov.
Me er i ein situasjon der behov for arbeidskraft ikkje samsvarer med tilgang på helsepersonell. Helsepersonellkommisjonen slår fast at det ikkje er mogleg å bemanna seg ut av utfordringane. Heilt uavhengig av det framtidige økonomiske handlingsrommet, er det tilgang på personell som avgrensar tenestene og hindrar utvikling. Det er viktig at det er tydeleg for alle at det varsla behovet ikkje kjem til å endre seg utan at me gjer radikale endringar.
Målsetjinga om å behalda og utvikla gode og berekraftige helse- og omsorgstenester til befolkninga i Voss herad er berre mogleg dersom omfattande nødvendige tiltak vert sette i verk i tide.
Ny HMS-rådgjevar
Stabsavdeling HR og innovasjon har fått på plass ny HMS-rådgjevar. Han heiter Jon Opsahl, og du finn han på kontoret i lag med HR i tredje høgda på tinghuset.