Det var meldt enorme nedbørsmengder, og farevarsel både på nedbør, flaum og skred vart oppgraderte til raudt. Skalaen går ikkje høgare, og alt onsdag vart det sett KKL, altså kommunal kriseleiing.
Det gjorde at alle avdelingane sette i gang med god førebygging for å førebu seg på ekstremvêret.
Gjennom heile ekstremvêret har me hatt normal drift i alle tenestene våre. Den einaste endringa var at barnehagen på Evanger var stengd fredag, og borna fekk tilbod om å vera i barnehagen på Bolstad fredag. Den beslutninga vart tatt natt til fredag grunna aukande vasstand på Evanger.
Rapporten frå driftssjef Asbjørn Helleve fredag morgon fortel eigentleg best korleis me kom oss gjennom ekstremvêret Jakob:
«Heisann.
Då har eg fått inn statusrapport frå dei kommunale vegane i heradet frå fjord til fjell.
Det er ingen store skader registrert på vegnettet. Det er kun mindre ting som er å rekna som bagatell å utbetra. Me har hatt full utelling med å vera i forkant med å sjekke rister/stikkrenner/bekkar før regnet kom, samt oppfølging under flaumen.
Det som står att er å sjekka fundament rundt bruer om det er skader her. Dette får ein ikkje gjort før vatnet har trekt seg tilbake. Ved storflaumen i 2022 var det veldig lite som var skada av brufundament, så me får tru dette gjeld no og.
Dette til orientering.»
Kommunal kriseleiing avslutta sitt arbeid fredag føremiddag, samtidig som Vangsvatnet nådde flaumtoppen. Kjerne-KKL, altså delar av kriseleiinga er framleis i beredskap dersom det oppstår hendingar som krev samordning av tiltak, men handtering elles vert no gjort ved normal drift.
Både rådmannen og ordføraren takkar alle for innsatsen gjennom ekstremvêret, og er glade for at organisasjonen har handtert ekstremvêret på ein så god måte.
– Det er stor tryggleik for meg som rådmann å koma til eit herad med så godt planverk og dyktige tilsette som legg ned ein så god innsats, seier rådmann Martin.
Voss herad kom godt ifrå både flaum og nedbør denne gongen. Men det er kommunar nær oss som vart råka vesentleg tøffare enn oss. Det er viktig med god nabohjelp, også mellom kommunane.I Ullensvang er det store utfordringar, mellom anna har eit vassleidningsbrot gjort at Kinsarvik er vasslause. Derfor har Voss herad sendt ned tankar med vatn som gjer at innbyggjarane har vatn til over helga.
Helsing frå Tonje
"I dag tenkjer eg på Ullensvang og andre kommunar som har fått store utfordringar under ekstremvêret Jakob. Det er fleire som har mista straum og vatn, somme er isolerte medan andre er evakuerte. Kommunane har store utfordringar med infrastruktur og opplev store skadar på bygg. Det vil ta tid å vera på fote igjen. Inntrykket eg sit med er at det blir jobba godt og klokt i desse kommunane.
Innbyggarar i Voss herad har nok ein gong opplevd å få flaumen tett på, og nokre har opplevd at den har kome inn på eigendommen eller inn i hus og bygg. Sjølv om det denne gongen gjekk betre enn det har gått tidlegare, sit usikkerheita ved flaum i kroppen på innbyggarane våre.
Det er mi fyrste kriseleiing som ordførar, og kanskje er inntrykket mitt farga av at ekstremvêret var snillare med oss enn frykta. Likevel kan eg utan tvil vera stolt av innbyggarar som har førebudd seg godt, sikra eigendomar og verdiar, tatt kontakt for å bistå eller tatt eit ekstra ansvar for vegar og naboar.
Når me set kommunal kriseleiing går deltakarane inn i eit skjerpa modus. Me vart spelt gode av dei dyktige folka som var ute og gjorde jobben. Eg er stolt av dei tilsette i Voss herad som leverer helse- og omsorgstenester, driftar skule og barnehage, vore kontaktpunkt mellom heradet og innbyggarar og arbeidd utrøytteleg for å sikrar bygg, vegar og verdiar. Det er mange på teknisk avdeling og i brannvernet som fortenar eit ekstra klapp på skuldra.
Ein stor takk til politiet som er opptatt av å støtta den kommunale kriseleiinga ved sida av sine oppgåver, samvirkepartar som står klare til å trø til og media som er opptatt av å formidla presis informasjon.
No håpar eg at vêr og natur gjev ro til kommunane som er råka, slik at innbyggarane etter kvart får tilbake kvardagen sin."
TV-aksjon
Sidan sist nyheitsbrev har det også vore TV-aksjon, i år til inntekt for Barnekreftforeningen.Framifrå gjevarglede hjå vossingane gjorde at det i år vart samla inn nesten 400.000 kroner meir enn i fjor. Bøssebærarane samla inn om lag 200.000 meir enn året før, og næringslivet gav om lag 150.000 kroner meir enn i fjor. Meir om TV-aksjonen lokalt på Voss finn du her: Framifrå innsats gav over 1,3 millionar til TV-aksjonen - Voss herad