Nyheitsbrev 15. mai

Langt nyheitsbrev i dag. Stikkord: Tilråding om ny organisering frå rådmannen, gode resultat i kommunebarometeret, solvett, helse og oppvekst på Møteplassen, fartshumpar er kome til Djønno, kulturfylket på besøk, nye innkjøpsreglar og Voss brannvern har vaska Vangsgata.

Rådmannen sitt framlegg til ny overordna organisering skal no drøftast med hovudtillitsvalde og Arbeidsmiljøutvalet fredag neste veke.

Framlegget er utarbeidd med utgangspunkt i modellane frå PwC-rapporten, og byggjer på ein modifisert versjon av alternativ 3. Målet med endringa er å skapa ei meir samla organisering med tydelegare ansvarslinjer, betre samordning og sterkare strategisk leiing.

Presentasjonen som er vedlagt viser forslag til ny overordna organisering og grunngjevinga for retninga som er valt.

– Framlegget til ny leiarstruktur er valt fordi eg meiner det best svarar på dei hovudutfordringane PwC peiker på, og dei utfordringane eg opplever at me har som organisasjon. Målet er betre samhandling, tydelegare prioriteringar og meir heilskapleg styring av Voss herad, seier rådmann Martin Kulild.

Fredag neste veke skal framlegget drøftast med hovudtillitsvalde og Arbeidsmiljøutvalet. Innspel frå desse drøftingane vil bli tekne med i det vidare arbeidet før rådmannen presenterer si endelege konklusjon om overordna organisering 29. mai.

Tilrådingane som byggjer på PwC-rapporten skal vidare til politisk handsaming i formannskapet 11. juni og heradsstyret 18. juni. Den administrative organiseringa vert fastsett av rådmannen, men heradsstyret vil bli orientert om retninga og dei organisatoriske grepa som vert sett.

Framlegget som no ligg føre handlar først og fremst om organisering på overordna leiarnivå. Avklaringar knytt til konkrete leiarroller og tidspunkt for iverksetting vil det koma meir informasjon om når den overordna organiseringa er endeleg avklart. Målet er at ny organisering skal tre i kraft frå tidleg haust.

 Tilråding og presentasjon frå rådmannen (PDF, 429 kB)

Gode resultat i kommunebarometeret

Kvart år vert kommunane målt på ei lang rekkje faktorar, som munnar ut i Kommunebarometeret. 

I årets barometer utmerker Voss herad seg særleg på tre område.

Barnevernet kjem på 6. plass av alle landets barnevern, vatn og avløp kjem på 9. plass og pleie og omsorg tek 20. plassen. Dette er svært bra. 

Samla kjem Voss herad på 123- plass, noko som gjerne ikkje er like bra, men me er i alle fall høgast plassert av kommunane i distriktet vårt. 

Men la no det liggja i dag, no er det snakk om å seia gratulerer til barnevernet, pleie og omsorg og vatn og avløp for svært godt levert! Du kan fordjupa deg i tal på nettsida til kommunebarometeret.  Kommunebarometeret frå Kommunal Rapport

Møteplassen for helse og oppvekst

Tysdag 12. mai var fleire frå både helse og oppvekst i Voss herad på Møteplassen for rehabilitering og habilitering for barn og unge. 

Møteplassen er eit forum for informasjon, erfaringsutveksling og samarbeid mellom kommunar og spesialisthelsetenesta med nedslagsfelt til Helse Bergen. Forskrifta om habilitering og rehabilitering understrekar ein skal samarbeida på tvers av etatar for å sikre eit heilskapleg og samordna tilbod til barn og unge med samansette behov. 

Årets møteplass var difor for både helsetenesta, oppvekstfeltet – barnehage, skule, PPT og andre støttefunksjonar – formålet var å styrka den tverrfaglege innsatsen og bidra til betre koordinering på tvers av sektorane. 

Magnar Helland, skulesjef i Voss herad hadde eit innlegg om moglegheiter og utfordringar på tvers av sektorane helse og oppvekst i Voss herad. 

Andre einingar som var representert frå Voss var PPT tenesta, Forvaltningskontoret i helse & omsorg, avdeling menneske med nedsett funksjonsevne , ergo- og fysioterapitenesta.

Kulturfylket

Vestland fylkeksommune har teke mål av seg til å vera leiande kulturregionen. 13, mai kunne me ynskje Utval for kultur, inkludering og folkehelse i fylkeskommunen velkommen til Vestland sin leiande kulturkommune. Dei kom på besøk til Voss for å høyre om den strategiske satsinga og kulturens kraft på Voss. Dei fekk høyre frå festivalane våre og integreringsarbeidet, og me fekk vist fram Gamlekinoen som Vestland fylke har investert mye pengar i.

Leiar for utvalet, Jacob Nødseth, skreiv dette på Facebook:

"Ein sentral suksessfaktor i det å utvikle eit fylke som vårt, med same areal som Belgia og over 650.000 innbyggjarar, med krevjande geografi, er at vi kjem oss ut av kontora våre og møter folk og aktørar der dei bur.

Denne veka har vi hatt to innhaldsrike dagar med hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune. 

Vi avslutta på Voss der ordførar Tonje Såkvitne og kultursjef Trude Letnes presenterte kommunen si strategiske satsing på kultur, saman med flinke folk i Vossa Jazz, Ekstremsportveko og Osafestivalen. Vestland leverer verkeleg som kulturfylke!"

Fartshumpar på Djønno

Jon Ulfeng

Denne veka var det opning av fem fartshumpar på Djønno. Etter mange års arbeid frå folket på Djønno kom endeleg også fysiske fartsreduserande tiltak på plass i 30-sona som går gjennom fleire gardstun. Vegen har mykje trafikk av besøkande som skal gå på Oksen. Tiltaket er er eit praktisk eksempel på kva det vil sei å jobba med besøksforvaltning. Du kan lesa meir om arbeidet med besøksforvaltning i Besøksstrategi på høyring - Voss herad

Innkjøpsendring

Frå 1. juli er grensa for direkte kjøp auka frå 100.000 kroner til 500.000 kroner. Endringa markerer første fase i regjeringa sitt arbeid med å gjera anskaffingsreglane enklare. Eit viktig tiltak er derfor å auka innslagspuntket for når reglane gjeld, frå 100.000 til 500.000 kroner eks mva. Det vil gje oppdragsgjevarane større fleksibilitet når dei skal inngå mindre kontrakter, og kan bidra til lågare transaksjonskostnader og ein enklare kvardag for innkjøparane. 

Solsmart herad

Voss Herad er meldt inn til Kreftforeninga som solsmart kommune. Målet er å gje meir informasjon om korleis folk beskytta seg mot farleg eksponering av sol. 

Noreg ligg på topp verdsbasis på hudkreft og Vestland er det fylket som har fjerde flest tilfelle i Noreg. 

Du kan lesa meir om solsmarte kommunar på Kreftforeningen sine nettsider om solsmarte kommunar. Solsmarte kommuner – Kreftforeningen

28. mai skal kreftkoordinator Kirsti Buset ha solvettdag på alle apoteka.

Vårvask av Vangsgata

Onsdag kveld var Vangsgata stengd for vask. Voss brannvern dominerte gatebiletet, spylte vekk vinteren og gjorde gata klar for vår og feiring av nasjonadagen. Lett vask av parkerte el-syklar var ekstraservice. Godt jobba, og god 17. mai-fering vert ynskt til alle!