Nyheitsbrev 15. september

Me er midt i september, og har gjennopmført eit val og har ein budsjetthaust framfor oss. Stikkord for nyheitsbrevet i dag er valet, Home Start, ideveke, sikkerheit og pengar til både ENØK og flaumtiltak.

Måndag var det kommunestyre- og fylkestingsval. Voss herad hamna, som mange andre kommunar, på topp hjå både VG og NRK i løpet av valkvelden. Men me hamna der av dei «rette» grunnane, sidan det ikkje var skandaler eller feil som sendte oss til topps i den nasjonale nyhetsstraumen. Men at me oppdaga noko som gjorde at me ville telja alt ein gong til slik at alle personrøystene vart med.

I stikkprøver av oppteljinga oppdaga me at slengjarar som var påført røystesetlane utanom oppmerka felt ikkje hamna til verfisering, og at dei ekstra personrøystene dermed ikkje vart registrerte. No står det på røystesetlane at dersom er feil utfylt, vert dei ugyldige. Men samtidig er det eit prinsipp at dersom valfunksjonærane forstår kva veljaren har meint, uavhengig av korleis dette er fylt ut, skal me så langt som råd la veljaren si meining telja med. Og ingen av dei som jobba med valet var i tvil om kva veljarane her hadde meint, valstyret var samde og dermed vart det dobbelt arbeid. Men det gjorde også sitt til at alle ekstra personrøyster vart gjeldande, trass i at setlane ikkje nødvendigvis var fylt ut «rett». Me kallar det ein ekstra innsats for eit levande lokaldemokrati, og feira med kake eit godt gjennomført val.

Av dei 12.615 røysteføre nytta 66,21 prosent seg av røysteretten. Me fekk inn vel 4.000 førehandsrøyster, og opp mot 4.000 røyster på valdagen. Klikk deg inn på valprotokkel for å lesa meir om kven som kom inn og kven som fekk felst personstemmer, og all anna statistikk og informasjon kring valet her: Valprotokoll (PDF, 3 MB)

Torsdag i førre veke var også det siste heradsstyremøtet for nytt heradsstyre samlar seg seinare i haust. Det neste møtet er 19. oktober, då skal ordførar Hans-Erik Ringkjøb leia møtet til det nye heradsstyret har valt formannskapsmedlemene og frå det utvalet valt ny ordførar og varaordførar. Han og varaordførar Sigbjørn Hauge vart takka av under ei tilstelning på Hangurstoppen etter heradstyremøtet torsdag. Mange hadde gode ord å seia til dei to veteranane, og av politisk sekretariat fekk begge to eit praktisk ordførarkjede med ting dei har bruk for når dei ikkje lenger er folkevalde. 

Home Start

Førre torsdag gav heradsstyret si tilsutning til familiestøteprogrammet Home-Start kan verta brukt på Voss. Programmet er meint som eit supplement til det offentlege for å førebyggja utvikling av beslastningar og stress, støtte familien på det familien meistrar og avlasta etter behov.

For Voss står det no att å finna ein frivillig organisasjon som kan hjelpa heradet med å drifta arbeidet, og ynskjet er å mobilisera frivillige som har kapasitet til å hjelpa småbarnsfamiliar som opplever kvardagen som utfordrande. Meir om Home-Start kan du lesa her: Home-Start Norge. Her kan du lesa kva heradsstyret vedtok: Vedtak 

Sikkerheit i ei uroleg tid

For eitt år sidan var det mange som deltok på føredraga der me spurte om du vart kvalm eller uvel av ord som GDPR, ROS og personvern. Sidan er det gjort eit større arbeid for at Voss herad skal vera endå betre i stand til å ta vare på personopplysningane til innbyggjarane våre. Mellom annan vert det jobba med å innføra ny anskaffingsprosess for programvare og app-ar.

Dette kan sikkert verta opplevd som frustrerande, ineffektivt og vanskeleg for dei som treng å kjøpa eller ta i bruk eit system eller ein app i kvardagen. Det er synd om det er slik, men me må vera sikre på behandlinga av personopplysningane våre. Det er derfor dei som jobbar med dette er strenge og ikkje tek snarvegar trass i at det gjer at ting går noko tregare enn ynskt. Verda endrar seg, truslane kjem nærmare og me må ta dei grepa som me kan for å sikra oss og innbyggjarane våre så godt me kan.

Komande veke skal stabssjef for innbyggjarservice til konferansen KiNS-Tech for å halda foredrag som heiter Informasjonssikkerheit på norsk, som tek for seg kvifor IT-ekspertane må snakka som også me andre forstår kva me skal gjera for å ha ein tryggare digital kvardag. Foredraget er basert på fjorårets foredrag om same tema.

Ideveke i helse og omsorg

Denne veka har kommunalavdeling helse og omsorg hatt ideveke i lag med selskapet Bouvet Bergen. Bakgrunnen er at Gullborg O. Rekve leverte inn ei utfordring under «Digitale Helsedager»- konferansen i mai 2023, der premien var ei gratis ideveke levert av Bouvet Bergen.

Av alle utfordringane vart det Voss herad si «oppgåvedeling i helsesektoren» som gjekk av med sigeren.

Denne veka var 10 tilsette på plass for å generera idéar ved bruk av metodikken «design thinking».

Moglegheitene er mange, diskusjonane har vore høglytte og deltakarane har konkretisert tre idear som vart testa på ekte brukarar.

Fredag har gjengen presentert løysingane, og kommunalsjef Kjersti Nordanger meiner det er kome mange gode initiativ som må vidareutviklas i lag med pågåande prosjekt.

Midlar til ENØK og flaumvern

Voss herad lyser ut 8 millionar kroner til energisparing, flaumførebygging og flaumskadereduserande tiltak.

Som eit resultat av ekstraordinære inntekter i 2022 frå kraft og skatt har heradsstyret disponert sju millionar kroner til ENØK-tiltak og ein million kroner til flaumførebygging og flaumreduserande tiltak. Søknadsskjemaet ligg på Voss herad sine nettsider og private, bedrifter, lag og organisasjonar kan søka om stønad. Ordninga har tilbakeverkande kraft til 1. januar 2023. Det vil sei at ein ikkje kan søka støtte til tiltak som er gjort før den datoen, men at ein kan søka til både påbegynte og nye tiltak.

Søknadsfristen er 1. november 2023.

ENØK-tiltaka skal få ned energibruken i Voss herad

Generelt bruker me mykje meir energi enn me treng i bustadhus og andre bygg. Energien me sparar her kan nyttast til å leggja til rette for nye og grøne næringar, redusera behovet for kostbar utbygging av straumnettet, eller å elektrifisera transportsektoren. All energiproduksjon nyttar ressursar og har negativ påverknad på natur. Den mest miljøvenlege energien er rett og slett den me ikkje nyttar.

ENØK-midlane skal nyttast til å få ned energibruken i Voss herad. ENØK står for energiøkonomisering og er tiltak som gjer at me forvaltar energien me brukar best mogleg. Målet er å redusera energibruken utan å redusera komforten.

- Dette er ei viktig støtteordning og det er ekstra kjekt å kunna lysa ut midlar som er i tråd med målsetjinga i Vossaklima 2030, seier Kaia Finne, næringssjef i Voss herad. Ho trekkjer også fram at det er positivt at støtteordninga vil prioritera låginntektsfamiliar i ei tid der mange kjenner på høgre renteutgifter og generell prisauke.  

50 % av midlane skal vera øyremerka private hushaldingar, og har ein familie under 750 000 kr i samla inntekt vil dei oppnå meir støtte enn dei med høgre inntekt. Tilskota vil ha ei øvre ramme på 50 000 kr for private og 200 000 kr for bedrifter, frivillige lag og organisasjonar.

Tilskotsordninga støttar energisparingstiltak som ikkje utløyser støtte frå ENOVA. Ein kan få stønad til fylgjande:

  • Luft til vatn varmepumpe
  • Luft til luft varmepumpe
  • Avtrekksvarmepumpe
  • Reintbrennande vedomn
  • Etterisolering (tak, veggar og golv)
  • Montering av tettelister
  • Lågenergi vindauge
  • Energieffektiv belysning
  • Varmestyringssystem

 

Øyremerka midlar til dei som kjenner flaumproblematikken på kroppen

Stønadsordninga til flaumførebygging og flaumskadereduserande tiltak er retta mot eigedommar og bygg som er særskilt utsette for skadeflaum og som ligg i aktsemdsområde for flaum. Eksempel på tiltak er flaum og erosjonssikring, montering av tilbakeslagsventil, innkjøp av lensepumpe og kjøp og installering av luftavfuktar i særskilt utsette flaumområder (innanfor flaumsone Evanger eller Voss).

Bjørg Lirhus Ree jobbar med flaumproblematikken i ei nyoppretta stilling i Voss herad. Jobben hennar er å sikra framgang i arbeidet med både beredskap og flaumsikring av Vossavassdraget.

- Det er mange som har fått kjenna flaumproblematikken på kroppen dei siste åra og det er ekstra kjekt å starta i den nyoppretta stillinga når me har tiltak som kjem lokalbefolkninga til gode, seier Lirhus Ree. No satsar me på mange søknadar innan fristen 1. november 2023, avsluttar ho.