Nyheitsbrev 16. september

Kommunepsykologar, beredskap og informasjonssikkerheit er nøkkelord for dette nyheitsbrevet. 

I frå 1.januar 2020 er alle kommunar lovpålagd å knytte til seg psykolog for å sikra kompetanse og bidra til utvikling innanfor det tverrfaglege psykisk helse- og rusarbeidet, med overordna mål om god psykisk helse i befolkninga.

Voss herad valte å gå i saman med Eidfjord og Ulvik om denne tenesta for på den måten klara å byggja opp eit større fagmiljø. Kommunepsykologane skal arbeida både med klinisk lågterskelarbeid og kompetanseheving innan organisasjonen, systemarbeid, førebygging, planarbeid m.m..

Kommunepsykologane er for tida organisert i oppveksteininga, men dei skal likevel bidra med sin kompetanse i heile organisasjonen. Me ser at psykologkompetansen i organisasjonen kunne vore utnytta endå betre inn mot førebygging, systemarbeid og planarbeid, så dei ulike tenestene må ikkje vera redde for å ta kontakt med psykologane i slike prosessar.

Beredskap

Johnny Skjerping er i gang som beredskapsrådgjevar for Voss herad. Han høyrer til stabsavdeling strategi og styring, men skal sjølvsagt jobba med beredskap for heile organisasjonen.

Informasjonssikkerheit

Det er mange som for tida er meir og meir opptatt av informasjonstsikkerheita vår, og er på jakt etter å avdekkja kva hol som er i systema våre. Nokon av dei som tenkjer mykje på dette, held heldigvis hus på tinghuset. Dessverre er det også ein del som held til i utlandet, med heilt anna motivasjon for å finna sårbarheitene. Målet er at me skal finna og tetta hola før dei som vil inn gjer det.

Me ser ei auke i talet på angrep, det gjeld ikkje berre Voss herad, store aktørar, som Nasjonal sikkerhetsmyndighet, Telenor og andre, ser at cyberangrepa som kjem både blir fleire og meir sofistikerte. IT kjem derfor til å gjera tiltak for å sikra oss betre, informasjon om det vil koma for seg seinare.

Noko av det me alle kan gjera, er å låsa PC-en når me går på do eller i kantina, ikkje klikkar på lenkjer og vedlegg i e-postar som ser litt skumle ut og melder i frå til leiar eller IT så snart me oppdagar at me har klikka på noko me ikkje burde. Me representerer alle som ein ei sårbarheit fordi me er menneske, og menneske gjer av og til feil. Men då er det viktig å melda i frå så snart som råd, slik at IT-avdelinga kan setja i gang dei tiltaka som må til for å hindra at dette får for store konsekvensar for tryggleiken vår. Det er fort gjort å gjera ein feil, men det er handteringa som er viktig. Så meld frå om du er uheldig.

Kva skal så dei ulike avdelingane gjera? 

  • Avdelingane må laga oversikt over kva system og løysingar dei har, og kva opplysningar som vert handtert i systema. Her kjem rådgjevar for informasjonssikkerheit og personvern, Rasmus V. Langeland ut for å hjelpa til.
  • Leiinga må peika ut kven som skal vera systemansvarleg i avdelingane
  • Avdelingane må laga seg beredskapsplanar for korleis ein handterer cyberangrep og «svart skjerm».