Nyheitsbrev 2. februar

2024 har starta i bratt motbakke for nyheitsbrevredaksjonen, som ikkje har publisert noko i heile januar. Men no har me fått i gang att pressa, og lovar å vera meir pålitelege resten av året. Stikkord: Rådmannen har sagt opp, biblioteksjefen er tilsett, Vossadagane og litt om AKAN og Altinn 

I går, torsdag 1. februar, kom meldinga om at Arild er tilsett som kommunedirektøri Bjørnafjorden. Sidan han ikkje både kan vera rådmann her og der samtidig, har han sagt opp stillinga si her hjå oss. Arild startar i Bjørnafjorden 1. mai, og er rådmann i Voss herad til slutten av april. 

– Det vert vemodig å gje seg i Voss herad. Det er viktig for meg å seia at eg søkjer meg til Bjørnafjorden, og ikkje vekk frå Voss herad. Bjørnafjorden er ein kommune som har mange spennande moglegheiter og utfordringar, som eg ser fram til å gå i gang med. Det er òg rett å seia at eg hadde rekna med å vera i Voss herad lengre tid enn dette, men moglegheita i Bjørnafjorden dukka opp no, og eg har valt å gripa denne sjansen. Det har vore fine, men også utfordrande år. I arbeidet med å byggja ein ny organisasjon har me også handtert ein pandemi, og flyktningstraumen som følgje av krigen i Ukraina. Me står også i ein situasjon med dyrtid og aukande rente, og med eit samfunn i endring som utfordrar kommunane på mange felt. Eg er imponert over korleis dei tilsette har handtert endringane, utvikla organisasjonen og samstundes levert gode tenester kvar dag. Eg forlèt ein velfungerande kommune med særs kompetente tilsette, seier Arild. 

Du kan lesa heile meldinga, med kommentarar frå både rådmann og ordførar her: Rådmann Arild McClellan Steine sluttar i Voss herad - Voss herad

Biblioteksjef

Samtdig takka Kirsten Aga ja til verta biblioteksjef på fast basis. Kirsten har erfaring frå biblioteket og har gjort ein framifrå jobb i tida ho har vore konstituert i stillnga. Kommunalsjef for kultur og fritid, Trude Storheim, er svært glad for at Kirsten takka ja til stillinga, og karakteriserer den nye biblioteksjefen som kunnskapsrik, ein god leiar og ein lagbyggar. 

– Eg er glad og audmjuk, seier Kirsten sjølv.

Veka før påske skjer det på Voss!

Draumen om ei veka med spanande foredrag, faglege diskusjonar og yrande folkeliv er i ferd med å bli realisert.

Me er skikkeleg stolte over årets program under Vossadagane 2024 og billettane går unna. Her får du full oversikt over kva som skjer.

Endeleg får me "Lyden av Voss"

I samband med kommunesamanslåinga mellom Voss kommune og Granvin herad fekk "nye" Voss herad hardingfela som kommunevåpen i 2020. I den samanhengen vart det stilt eit spørsmål i 2018: "Har det noko å sei at hjorten blir bytta ut med ei hardingfele?" Sjølvsagt, var svaret. Me måtte laga lyden til Voss, for lyd er like mykje identitet som målform, grafisk profil, tekst og foto. Det var berre å hive seg rundt: Samle dei rette folka, få Voss Sparebank med på laget og starte arbeidet. No er me endeleg klare til å gje deg «Lyden av Voss» i konsertform. Me gler oss!

Voss Kulturhus 21. mars kl 18.00

Gratis inngang

Reserver billett: Lyden av Voss – Vossadagane

Vossamessa

Jobb og elevbedriftsmesse – den store entreprenørskapsdagen på Voss.

Jobbmesse – Vossadagane

 Bioparkkonferansen

Nasjonal konferanse for sirkulær omstilling i bionæringane.

Bioparkkonferansen 2024 – Vossadagane

Nasjonal Kulturkonferanse

Tradisjonen tru tjuvstartar  den kulturelle palmehelga med ein nasjonal kulturkonferanse.

Kulturkonferansen 2024 – Vossadagane

Hovudkonferansen

Fokus på det store bilete og tverrfaglege tema.

Vossadagane program – Vossadagane

AKAN - kva er det?

AKAN skal førebygga rusmiddelproblem i norsk arbeidsliv og bidra til at tilsette med eit rusmiddel- eller spelavhengigheitsproblem får hjelp.

Me  fylgjer AKAN sin metode og støttetiltak for tilsette med problem. Me kan og hjelpe tilsette som sjølve ber om hjelp.

 Lukt av alkohol, og bakrus, vert sett på som påverking og er ikkje i samsvar med å vera på jobb. Dersom du oppdagar at ein kollega er påverka skal du melde frå til næraste leiar og sende den tilsette heim.

Ta gjerne opp dette tema i arbeidsmiljøgruppa og på personalmøte, slik at alle tilsette er kjent med kva AKAN er og Voss herad sine retningslinjer. Meir info ligg på Compilo. Link: Rus og avhengigheit AKAN - Compilo (ksx.no) Du kan og få hjelp og rettleiing frå AKAN kontaktane våre som er HVO Trude Kvarekval Lydvo og HMS rådgjevar Trine Langøen (Jon Opsahl frå 1.3.24).

Treng du ei tilgang i Altinn for Voss herad?

Tilsette i Voss herad kan ha behov for å ha tilgang til gjera ulike oppgåver digitalt i Altinn. Dette kan til dømes vera senda digitale skjema, søka om tilskot, rapportera på ulike tenester og lesa digital post.

 For å kunna gi tilgang i Altinn trengs informasjon kven som skal ha tilgang (personnr.), kva den skal ha tilgang til (enkeltteneste eller rolle) og kvar i organisasjonen (org.nr).

 Korleis be om tilgang?

  1. Du kan sjølv be om tilgang inne i Altinn (Altinn - Be om tilgang)
  2. Send e-post til ein av administratorane i lista under med førespurnad om tilgang. Førespurnad må innehalde informasjon om kven, kva og kvar tilgangen gjeld for.
NamE-postSpesielle område
Liv Myklebustliv.myklebust@voss.herad.noSøknader/rapportering, API
Trine Langøentrine.langoen@voss.herad.noHRrelaterte tilgangar
Marit Helgasetmarit.helgaset@voss.herad.noTilgangar knytt til post og arkiv

Alle tre kan gi dei fleste tilgangar, men me har likevel fordelt nokre hovudområde for å fordela omfang.

Sjå også rutine i Compilo.