Nyheitsbrev 2. september 2022

Nyheitsbrevet denne gongen tek for seg evaluering av kommunalavdeling Oppvekst, planar på høyring, temadag for helse, lønsoppgjer og informasjonssikkerheit.

Hausten 2021 vart det sett i gang ei evaluering av kommunalavdelinga oppvekst. Det kom då inn mange gode innspel frå leiarar, tilsette og tillitsvalte i avdelinga.

Frå juni i år valte me å løfta ansvaret for evalueringa opp til rådmannsnivået slik at det no er rådmannen som har ansvaret for evalueringa. Det vart òg tatt ei avgjerd om å styrka arbeidet med evalueringa ved å søkja ekstern bistand. Etter ein anbodsrunde vart Agenda Kaupang valt til å gjennomføra oppdraget.

Prosjektet kan delast inn i tre fasar der Agenda Kaupang hjelper oss med dei to fyrste. Fase 1 er kartlegging og GAP-analyse (avvik mellom no situasjon og ynskt situasjon). Fase 2 er utvikling av tiltak. Den siste fasa, gjennomføring av tiltak, må me gjera sjølve.

Det er mange som skal involverast i kartleggingsfasen gjennom intervju. Til fase to vil det verta sett ned ei brei arbeidsgruppe som skal hjelpa til med å koma fram til gode tiltak.

Målet er at me skal gjera Voss herad og kommunalavdeling oppvekst i endå betre stand til å yta gode tenester til innbyggjarane

Lønsforhandlingar hausten 2022

Årets sentrale lønstillegg for tilsette i kapittel 4 vart betalt ut i august, og med verknad frå 1. mai. Dette gjeld ikkje medlemmer av Utdanningsforbundet, Norsk Lektorlag eller Skolenes landsforbund, då desse forbunda er i streik.

I slutten av oktober vert det lokale forhandlingar for tilsette i kapittel 3 og 5.

Lurar du på noko når det gjeld lønspolitikken vår, så kan du lesa her: Lønspolitikk (voss.herad.no)

Helse i heradsstyret

Torsdag 8. september er det temadag med kommunalavdeling helse og omsorg i heradsstyret. Ulike kommunalavdelingar har temadagar for dei folkevalde med jamne mellomrom, der målet er å gje medlemene i heradsstyret litt djupare innsikt i kva dei ulike avdelingane jobbar med, og kva planar ein har vidare. Torsdag får dei folkevalde informasjon om grunnbemanning, nattarbeid for heimetenestene, rehabilitering, friskliv og meistring og reforma Leve hele livet. I tillegg skal dei folkevalde ha gruppearbeid om desse punkta. Heradsstyret har også fleire saker til handsaming, som du finn i oversikta over politiske saker og utval. Møtet denne gongen er på Myrkdalen hotell.

Informasjonssikkerheit

Denne veka var det ei stor konferanse om informasjonssikkerheit på Lillehammer. Tor Halvorsen og Trond Arne Myklebust deltok frå Voss herad. Måndag vil leiargruppa til rådmannen få orientering om dei viktigaste læringspunkta frå det som er Noregs største møteplass innan informasjonssikkerheit. Men me kan alt her avsløra eitt viktig punkt. Det handlar om folk dette også, ikkje berre teknologi og vanskeleg IT-uttrykk. For det er alle me som både jobbar og tenkjer som er heltane i arbeidet for å sikra oss mot datainnbrot og andre forsøk frå dei som vil stela opplysningane våre.

Planar på høyring

SNU Voss - strategisk næringsutvikling i Voss herad er no lagt ut på høyring saman med Reiselivsstrategi for Voss. Med planen vil me ta grep for å leggja til rette for ei best mogeleg utvikling av nærings- og samfunnsliv på Voss. Her finn du høyringsframlegga: SNU Voss - strategisk næringsutvikling i Voss herad - Voss herad. Som om ikkje det var nok, så er også Voss sin fyrste strategi for bruk og handtering av plast lagt ut på høyring. Denne skal sikra at me reduserer forbruk og hindrar plast på avvege. Denne finn du her: Plaststrategi for Voss herad på høyring - Voss herad

Planane har høyringsfrist 21.oktober. Me oppmodar om å koma med innspel og senda dette til postmottak@voss.herad.no .