Nyheitsbrev 23. januar

Stikkord for dagens nyheitsbrev er annonsekarusell, søknadsskjema for Kraftfondet, planar om utvikling av Torget, det er kome tilskot frå kulturminnefondet, aktivitetskalender for 2026 for godt vaksne, hugs barnehageopptaket. Og kort løypemelding frå PwC

Merksame lesarar av lokalavisa har kanskje sett eit felt med informasjon frå Voss herad den siste veka. Dette heiter på stammespråket ein annonsekarusell, og vil ligga fast på framsida til avisa. Innhaldet vert automatisk henta frå heimesida vår, og me i innbyggjarservice styrer kva saker som vert henta inn. Dette er eit stort steg i å digitalisera annonseringa vår, og verta meir synelge. 

I avtalen med Hordaland skal me framleis annonsera på papir, men digital annonsekarusell vil hjelpa oss med å få fram informasjonen vår endå betre. Det er ikkje høve for stillingsannonsar i denne løysinga. Annonsefristane er som før, men me kjem til å styra mykje av annonsane til den digitale løysinga.  

Kraftfondet

Søknadsskjema til Kraftfondet 2026 er publisert. Søknadsfristen er 11. februar 2026. Kraftfondet kan gje støtte til utviklingsprosjekt som er i tråd med SNU Voss eller andre relevante planar i Voss herad. 

Kraftfondet - Voss herad

Korleis kan me vidareutvikla torget?

Voss herad ynskjer tilbakemelding frå eksisterande torghandlarar, næringslivet på Vangen og bønder/tilbydarar i utvikling av torget. Me håpar du kan bruka 5 minutt på denne undersøkinga innan 30. januar 2026. Send gjerne vidare til andre – me ynskjer flest moglege innspel.   

Kartlegging av Torget – Fyll ut skjema

Aktivitetskalender for godt vaksne

No er det kome ny kalendar med oversikt over aktivitetar og møteplassar for godt vaksne 2026. Du finn kalendaren i innbyggjartorget på Tinghuset og på biblioteket i Voss kulturhus.  Me vonar du finn noko som passar for deg, og at du får lyst til å vera med. Aktivitetane blir arrangerte av frivillige og organisasjonar, kyrkja, kommunen og private aktørar. Merk at tidspunkt, tilbod og kontaktpersonar kan verta endra. Les meir eller last ned kalenderen her: Aktivitetskalender

PwC held fram

Konsulentane i PwC held fram arbeidet mot ein rapport som både skal synleggjera innsparing og ein heilskapeleg organisasjonsgjennomgang. Til no er det gjennomført innsiktssamtalar med toppleiargruppa, HTV-ar og hovudverneombod. Konsulentane planlegg også innsiktssamtalar med nokre leiarar på nivået under kommunal- og stabssjefane, og seinare også med nokre avdelingsleiarar. Den opne postkassa er framleis open, og konsulentane fortel dei har fått mange innspel, men ynskjer gjerne meir. Postkassa finn du her: Open postkasse

Rapporten er klar 16. april. 

Tilskot til skulestova på Tyssen

Kulturminnefondet har vedteke å løyve 180 000 kroner i støtte til Skulestovo på Tyssen i Voss herad. Dette er det fyrste prosjektet som får tilskot frå Kulturminnefondet i 2026.

Skulestova vart opphavleg bygd som Rongen kretsstove på Bolstad i 1865, og flytta til Tyssen i 1906. Bygget var i bruk som skule fram til 1960, før det vart teke i bruk som felles grendehus for dei fire gardsbruka i grenda. I dag står skulestova i stor grad uendra, med høg grad av autentisitet og mykje av det opphavlege preget bevart. Les meir her: https://kulturminnefondet.no/fyrste-tilskot-i-2026

Hugs barnehageopptaket

Søknadsfrist til hovudopptaket til barnehageplass for barnehageåret 2026-2027 er 1. mars 2026. Har du søkt barnehageplass tidlegare treng du ikkje søkja på nytt. Les meir her: Barnehageopptak 2026