Nyheitsbrev 24. januar

Stikkord for nyheitsbrevet i dag: Orientering om budsjettet vårt for i år, kampanje for å få frå fleire sommarjobbar, besøk på brannstasjonen og samarbeidsavtale om Friskliv og meistring.

Om lag 2 milliardar kroner skal Voss herad bruka i 2025. Midlane vert fordelt på ulike tenesteområde der dei største er omsorg (nær 490 mill.kr), skule (320 mill.kr) og barnehage (187 mill.kr). 

Om lag 1,2 milliardar går til lønsutgifter til tilsette i Voss herad. Og det er ikkje få tilsette, med heile 1 265 årsverk i faste stillingar. Voss herad er ei imponerande kompleks, stor og dyktig verksemd med tenester frå vatn og avløp, heimetenester, vaksenopplæring for flyktningar, byggesak, kommunepsykologar, kino, stab og støttetenester, dagtilbod, legeteneste, skulefritidsordning, barnehagar, ungdomsarbeid og mykje meir. 

I tillegg til å tilby tenester til innbyggjarane, jobbar me med å utvikla samfunnet innan bl.a klima og miljø, næring og sikra rekruttering i framtida. Alle desse områda kan du lesa meir om i budsjett og økonomiplan som du finn her: https://pub.framsikt.net/2025/voss/bm-2025-bud_2025_2028#/

Heradsstyret vedtok dette 17.desember. I hovudsak vart rådmannen sitt framlegg vedteke med nokre tilleggsløyvingar og verbalvedtak. Dette finn du under «budsjettvedtak». 

Dei aller fleste område har fått vidareført sine rammer, nokre hatt fått styrka rammer, og nokre konkrete satsingar er det løyvd ekstra midlar til. 

Samtidig må me jobba me omstilling for å skapa levedyktige tenester og få kontroll på økonomien gjennom prosjektet Voss iPluss2027. Fleire område er i gang med denne omstillinga og har planlagd mindre ressursbruk i åra framover. Me skal skapa ei bygd for framtida.

Til slutt eit lite tips til deg som leiar. Visste du at du enkelt kan finna oppdaterte oversikter på budsjett og ressursbruk i Framsikt nedst på venstre side under «Min styringsrapport»? Vel den perioden, avdelinga og visninga du er interessert i.

Brann-besøk

Før jol hadde Voss brannvern kjekt besøk frå Masfjorden. Kristian Skjelanger Kvinge kom på besøk og hadde med flott kake. 

Kvinge har teke utdanning som feiar/brannførebyggjar, i eit løp som praksiskandidat. I den perioden var han fleire gonger til Voss på hospitering og anna fagutveksling. 

Kristian har sett stor pris på hjelp og rettleiing han har fått frå gjengen på Voss. Me ynskjer han lukke til vidare i ein viktig jobb med brannførebygging. 
På bilete ser me Erik Rogne, arbeidsleiar feiing/tilsyn og Kristian Kvinge, Masfjorden kommune.

Bli med å tilby sommarjobb i 2025!

Dei siste åra har det vore ein nedgang i talet på bedrifter som tilset sommarvikarar. Samtidig veit vi at 7000 ungdommar i Vestland står utanfor utdanning og arbeidsliv. For ungdommar kan ein sommarjobb vere ein døropnar for vidare utdanning og jobb.

Derfor har Vestland fylkeskommune, NHO Vestland og Nav lansert nettsida https://www.sommarjobbivest.no/ og oppmodar verksemder i fylket til å melde inn kva sommarjobbar dei tilbyr.

Friskliv og meistring

I sist veke signerte Voss herad samarbeidsavtale om Friskliv og meistring med Ulvik, Vaksdal og Eidfjord kommune.

Dette er resultatet av fleire år med eit interkommunalt prosjekt som no har gått over til å bli eit interkommunalt samarbeid.

Friskliv og meistring har ei rekkje ulike kurs som skal hjelpa folk mellom anna med å meistra kvaradgen og få betre helse. Du kan lesa meir om tilbodet her: Friskliv og meistring - Voss herad